Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

fredag 20. mars 2009

Ti dagar med mormor og morfar (1.-10.mars 09)


Sverre, mormor og Emil kosar seg i godstolen.

Vi kom til Viddal på søndagskvelden. Morfar henta oss på flyplassen, tante Sølvi kom og til flyplassen og tok med vogna vår i bilen sin. Så susa vi heim til mormor og tante Randi, som og var på besøk. Tante Randi var sjuk, og vi blei sjuke etter noken dagar. Det var kjedelig. Gutane vart skikkelig forkjøla. Og mamma hadde feber. Men sånn er det berre av og til. Vi kosa oss som best vi kunne desse dagane.

Tante Randi og Emil ser på leikene.

Onkel Jørn hadde reparert den gamle leikegrinda, greit å ha sidan vedomnen var litt vel spennande til tider.


Mormor hadde strikka gode bukser til oss, som var supervarme å krype rundt i. Vi syns det var spennande med tv-benken.


Det var mange rare og morsomme leiker med mormor og morfar, og jammen hadde ho kjøpt noken nye og til vi kom.

Her er ei av dei gamle leikene til onkel Jørn som blir studert.

Emil og mormor kosar med Irma pusen

Vi besøkte oldeforeldra, oldemor var ikkje heilt bra men ho syns det var kjekt med besøk av gutane. Oldefar syns det var storstas med dei to små, og han tulla masse med dei.

Oldefar Ole med gutane, Emil skulle berre lage tullefjes når vi skulle ta bilde.
Vi var ein tur til Bigset og besøkte Sonja, ei veninne som mamma gjekk på lærarskulen med. Ho har og to tvillinggutar. Dei var 3 mnd når vi var på besøk.

Her er vi med Sivert og Mikael på Bigset

Mormor fekk besøk av forskjellige damer som ville kike på tvillingane denne veka.
Til helga gjen kom onkel Jørn Ole, tante Randi og onkel Yngve på besøk.

Onkel Jørn og Sverre

Onkel Yngve og Emil

Stas med onklane som ville herje litt. Søndagen reiste mamma, gutane og tante Randi på besøk på Hustadneset. Vi måtte kike på oppussinga til tante Sølvi og onkel Anders. Det blir flott i huset deira.

Tante Sølvi med begge gutane.

Siste dagen var vi heime på Viddal. Tante Randi hadde fri så ho var der, og utpå dagen kom tante Sølvi og onkel Anders og. Vi var ein tur i fjøsen og såg på kyrne som var der. Spennande greier.


Tnate Randi og Sverre les i ett blad.


Mamma og Emil helsar på en okse


Sverre og tante Sølvi kikar på kalvane


Tullefjes!! onkel Anders og Emil

Tante Sølvi og Sverre.

Tirsdag 10.mars reiste vi til Oslo gjen. No var mormor med oss. Ho skal vere på besøk i 5 dagar med oss.

3 kommentarer:

Trude sa...

Masse nydelig bilde. Ser ut som dokke koste dokke masse mens dokke var her. Gi meg et hint når neste turen blir da...

Kaos eller ro? sa...

Oi kor store gutane dine har blitt. Tenkje det var godt med en tur heim til rolege Viddal.

Anonym sa...

Hei !
Koseleg blogg de har. Her var det mykje stolte foreldre, besteforeldre og andre å sjå ! (Og det skulle berre mangle. Flotte ungar !
Ja, som de ser, på Leira vert vi berre meir og meir øsete til eldre vi vert...uff