Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

onsdag 28. januar 2009

Nye kosedyr!


Farmor var på ferie ei veke i Frankriket. Mellom Nice og Cannes ein plass. På turen hadde ho kjøpt nye kosedyr til oss! Og mange flotte klede. Vi blei kjempe glade for alle tinga vi fekk med ho. Mamma og pappa blei glade for den store sjokoladen dei fekk :) Og dei morsomme figurane. Her ser vi at gutane kosar seg med dei nye kosedyra:


Emil kan stå på alle fire akkurat som den nye hunden sin.



Sverre likar godt den nye kose giraffen sin

Slik sjokolade fekk mamma og pappa, mmmm god var den, sneik oss til en bit. Resten ligg i kjøleskapet å venta til helga.


Emil ligg å beundra begge dei nye kosedyra.


Sjølv om det er gøy med leikedyr og leiker er det og ganske morro med mamma.



Titt titt der var Sverre og!


På ettermiddagen er det alltid stor stas når pappa kjem heim frå jobb!!

Emil og pappa


Sverre og pappa

måndag 26. januar 2009

Første sjukdomsperiode


Greit å ha en vippestol å sitte i når en ikkje er heilt i form.

No er det sesong for forkjøling og greier. Vi har vore heldige og gått klar dette lenge, men no er gutane blitt forkjøla. Dei snorkar skikkelig om natta, så mamma kosar seg i snorkelydar frå både gutta, pappaen og hunden!! aj aj aj.

Då er det bra at mamma har laga gode vognposa til oss, så vi kan ha det godt og varmt i vogna sjølv om formen ikkje er på topp. Godt å få sove i vogna uansett.

Vognposane er laga av ikea-dyne, kordfløyel og bommulsflanell, gutane er storfornøgde i dei.



Posen utbretta


Emil kosar seg i den nye posen


Kan ha den open og oppe.

Vognposane var julegave til gutane denne fyste jula deira. Mamma fekk heldigvis låne symaskina til farmor, så det er vi glad for alle sammen! Sparte oss noken kroner der på vognposar ja.

onsdag 21. januar 2009

Tante Sølvi og onkel Anders på besøk. 16.-18.januar


Tante Sølvi og onkel Anders på toget

Ikkje før tante Randi har reist venta vi nytt besøk. Denne helga var det tante Sølvi og onkel Anders som skulle komme. Dei skulle på Ikea og bestille seg kjøkken. Dei kom på fredag formiddag med fly. På fredagen trilla vi på Bohus og kjøpte oss hattehylle og skohylle på salg. Tante og onkel var på lagersalg på Bjørn Borg produkter. På kvelden kjørte vi på Ikea, pappa og gutta var heime åleine. Pappa skrua opp hyllene i gangen og gutta sov godt. Tante og onkel fekk bestilt kjøkken på Ikea og mamma kjøpte skoskap og ny badebalje! HURRA!

Laurdag var vi på bytur, der vart det litt shopping på mamma og tante. På ettermiddagen for vi heim. Tante og Endre laga deilig middag, medan mamma og gutta bada i nye baljen sin! Kjempe gøy!

Vi var på Burger king, ikkje ofte det skjer!

Første tur på Burger King for gutane.



Mamma og tante i nye antrekk

Emil kosar seg i ny badebalje!

Sverre likar å bade!!

Gøy å få graut med tante



To flinke kokker!!


Søndag reiste tante og onkel til Sandvika for å besøke søstra til onkel Anders. Og vi trilla tur i parken. Når vi var på trilleturen vår begynte det å snø voldsomt. Så når vi kom heim var vogna heilt dekka med snø.

måndag 19. januar 2009

Tante Randi på besøk


Vi hadde ikkje vore meir enn ei veke heime før tante Randi kom på besøk. Ho kom torsdagsmorgen og var her til søndag. Kjekt med besøk. Vi var på Sandvika storsenter på salg. Så trilla vi turar på Bygdøy og på operaen.


Tante Randi og Emil i storform!

Tante Randi og Sverre med dataen


På operaen, det var stengt av på sjølve taket, så vi fekk ikkje trilla opp for å sjå på utsikta. Men vi fekk oss en tur inn og testa toaletta der. Det var veldig sur vind denne dagen, så vi hadde regntrekk på vogna for å skjerme gutane.

Randi var godt kledd så ho var like blid i den sure vinden.

Etter tur på operaen traff vi farmor Jorun på ett bakeri, der vi kjøpte oss lunsj. Fox måtte ligge å vente på oss utanfor:

tysdag 13. januar 2009

Juleferie 2008


Familien Viddal Sætre julaftan 2008

Juleferien vår
Jul og nyttår feira vi på Viddal. Tidlig morgen på lisjejulafta reiste vi med flytoget. På formiddagen landa vi i Hovdebygda, der morfar, mormor og tante Sølvi stod å venta på oss. Vi pakka oss inn i bilane og kjørte til Viddal. Der det var julestemning i heile huset.

Vi feira julafta med mormor og morfar, og om kvelden var vi ein tur oppe med oldeforeldra våre. Då var vi so trøtte at vi sovna på sofaen. Vi fekk mange fine gaver, men vi syns det var gavepapiret og gavebanda som var mest spennande.

I juleferien var vi litt her og der, og fekk litt besøk. Vi var på koselig besøk hos Ronny, Marie Helen, Kevin og Mathilde i Rystefeltet. Ein dag var vi til Stranda og helste på oldemora der, og gamleonkel Kjetil. En dag kom onkel Kollen og Janne Trude på besøk. Og same dagen kom gamletantene Ragnhild og Oddrun innom.
Vi var og inn på hytta på Sætre til Ingebjørg og Einar.

Nyttårsafta var vi alle samla heime med mormor og morfar, alle tantene og onklane. Fredag 2.januar reiste vi til Oslo gjen. Ferien
Her ser dokke litt bilder frå juleferien vår:



Morfar og gutta på julaftan, i matchande striper

Mormor med Sverre og morfar med Emil, julaftan


Dei fyste julegåvene våra, frå tante Sølvi og onkel Anders


Tante Randi og Emil kosar seg


Sverre helsar på tremenningen sin : Therese


Janne Trude med begge gutta boys på fanget

Mamma og Sverre, med ny dress fra farmor


Vi måtte trille inn å kike på tunnellen på Leira

Gamleonkel Kjetil og farmor gir flaske til gutane


Oldemor, Kjetil, farmor og tvillingane

Onkel Yngve og Sverre kosar seg på sofaen

Familien nyttårsaftan


Tante Sølvi og Emil, nyttårsaftan

Pappa og Sverre på nyttårsafta


Onkel Jørn og mormor klar med fyrverkerier, litt avslørande bilde sidan det ikkje var lov med rakettar.


Mormor, tante Randi og tante Sølvi
Nyttårsaftan begynte det å snø, akkurat når vi skulle fyra av fyrverkeri.