Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 24. oktober 2011

Ny hue!

Emil fekk vere med mamma på en liten shoppingtur for å finne bursdagsgave til Jetmund. Vi kjøpte og fleecevottar og strømpebukser. Og den kule nye hua!! Emil fekk velge hua sjølv, det var stas:


Emil syns den var topp! Vi kjøpte ei til Sverre og. Noke han er velig fornøgd med!

fredag 21. oktober 2011

Stor gutt!

Sommaren er over for lenge sia. Vi har snart komt til vinter. Hausten har gått fort. Jetmund og pappa har kosa seg heime i pappapermisjon, medan mamma, Emil og Sverre har vore tilbake til jobb og barnehage.

Vi har vore to tura til sunnmøre etter sommerferien. Ei langhelg da hjortejakta starta og i haustferien. Alltid kjekt å kome til Viddal og Ørsta for å besøke slekta og vener.

For ei veke sia starta Jetmund i barnehagen. Først fekk han plass på Røa i ein familiebarnehage. Og vi var spent på korleis vi skulle få logistikken til å gå opp, men ei veke før han skulel begynne fekk vi brev om at han hadde fått plass i barnehagen som ligg vegg i vegg med Smestad barnehage, så det er same parkeringsplassen for storegutta og Jetmund. Dei kan sjå kvarandre over gjerdet, og av og til går barnehagnae inn til kavrandre og leikar.

Jetmund har takla barnehage starten fint. Han er blid og fornøgd fra morgen til kveld.
Mandag vart han 1år! Og han hadde sin fyste dag åleine i barnehagen. Han fekk med muffins for å feire med dei andre barna på avdelinga si: Sølvkroken.  På ettermiddagen hadde vi fest heime. Det var pølser, brus, saft og sjokoladekake. Besta og onkel Hogne kom. Vi hadde fått pakkar med oss fra tante Sølvi og tante Randi når vi var på sunnmøre.
Og han fekk masse fint!!








Legoland!!

No er det lenge sia vi har oppdatert bloggen vår, men her er litt i frå i sommar:

Etter turen til Sunnmøre, var vi heime i to dagar før neste tur var i gang. Vi pakka bilen for neste tur som gikk til Danmark, Lalandi og Legoland! JIPPI!! Vi starta kl.06.00 om morgonen. Susa oss til Larvik og ombord i superspeed båten til Hirtshals.
Med vind i håret på båten!
 Vi hadde flott plass heilt framme i båten, men bord og flott utsikt. Pappa, Jetmund og Emil ser på den nye leikebilen Emil fekk på båten
 Sverre syns det var kjekt å få ny bil han og!
Vi kjørte av båten og merka at vi hadde komt til skikkelig sommarver! 30 grader og strålande sol! Alle tre gutta sovna i bilen nesten før vi var ute av båten. Vi susa nedover Danmark. Syns det var flotte veiar og blei fasinert av dei store vindmøllene rundt om. Vi kom fram til Lalandia og fekk nøklane til feriehuset vi hadde bestilt.

Eit flott feriehus for 6 stykker og ei barneseng. For vi var så heldige at tante Randi og onkel Yngve kom å var der ilag med oss. Dei hadde vore i Frankrike, Tyskland og Nederland på ferie. Og no på vei heim stoppa dei og var ilag med oss i Danmark. Kjempe kjekt!!
Vi var i Legoland, i Løveparken, Legoland dag to for onkel, pappa og storegutta og vi var i Lalandia badeland. Flotte dagar var det. Her er nokre bilder av alt det kjekke vi gjorde:












 I denne trudde mamma at ho skulle omkomme.. Tante Randi og onkel Yngve syns det var veldig morro.