Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 11. desember 2008

krypetrening


Emil er svært ivrig på å ligge på magen no, ser han kavar med hender og føter. Men han har ikkje heilt forstått kor han skal koordinere dei.

onsdag 10. desember 2008

Store guta!

Vi veks og veks og blir stadig flinkare til å rulle og styre oss. No likar vi godt å ligge på golvet å styre med leikene vi har. Av og til må mamma hente oss opp frå golvet, vi rulla og rulla oss utom leiketeppet vårt.



Av og til rulla vi oss heilt sammen, då må mamma hjelpe oss litt ellers blir det hyl og skrik når vi får en fot i nasa.




Sverre syns det er morro å vere stor gut som sitte i sofaen med mamma



Emil storkosa seg i sofaen



Vi syns det er fint å bo i fyste etasje, då kan vi sove ute i vogna på verandaen vår. Fox sit som oftast i kjettingen og passa på oss. Og mamma ser oss godt frå både stove og kjøkenglas.

fredag 5. desember 2008

Ei tann! 4.desember 2008

No titta det fram ei lita tann med Emil, han har hatt litt feber og vore urolig i magen noken daga og no fekk vi sjå kva det var han kava med. Då passa det bra at farmor kom innom idag med nye biteleiker til oss. Dei var populære.

Emil studera den nye biteleika


Sverre med den nye biteleika si

Emil øva og øva seg på å krype. Idag var han nesten opp i kneståande (hadde en videosnutt av det, men fekk ikkje lagt den ut for den var for stor). Sverre og Fox tek den meir avslappande stilen. Ute snøva det lett, så no er det begynt å bli julestemning.


Emil i god trening

Sverre måtte ha en liten kvil i all treninga, sovna på leiketeppe han.

onsdag 3. desember 2008

Bilder til årets julekort

Då var det på tide å prøve å få til eit julekort. Vi hadde en liten fotografering for oss ein dag. Så er det berre å vente å sjå kva for eit som dukkar opp i posten.



















Som du ser var det en del tull og tøys med oss og. God stemning!

tysdag 2. desember 2008

Graut for fyste gong


"Ka vi skal no da mamma?"

Tirsdag 25.november fekk gutane smake litt graut for fyste gong. Dei har no vore svært so fornøgde med det mamma har tilbydd dei, men vi begynte so smått med graut no. Ikkje so lett å forstå seg på denne grauten. Fyste gongen va det mykje smatting, dagane etter var det ikkje so mykje som gjekk inn. Vi prøvde fyst med maisgraut. Det var ikkje so populært. Men no har vi prøvd risgrauten og den var litt bedre.

Sverre smaka litt

"Hmmm ditte va rart" Emil med sin første smak

I helga blei det sving på skeia, då kom nemlig pappsen med grautskåla. Då smatta gutane i seg litt meir. Var litt meir stas å få graut med pappa tydligvis. Enda meir stas var det å få holde kvar si skei med litt graut på. Vi trenar vidare på grauting!


"Hurra! Graut med pappa e gøy"


Emil


Fox blei vel nysgjerrig på smattinga i stolane her


MMMmmm smatte på skeia var gøy


Sverre med skeia si

søndag 30. november 2008

Mormor på besøk 19.11-26.11 2008


Mormor og gutta utanfor nye leiligheta vår

Etter å ha vore ei veke med mormor og morfar, vart mormor med nedgjen på besøk på Skøyen. Vi tok fly frå Hovden, det var voldsom vind når vi skulle reise. Flyet hompa og rista voldsomt i starten. Mormor hylte og syns det var skummelt, mendan Emil som satt på fanget hennar flira høgt og syns det stod til. Det var så sterk vind at vi kom veldig raskt fram til Gardermoen.
Mormor og Emil i godstolen som er julegåve til oss frå mormor og morfar, vi var å kjøpte den på Bohus fyste dagen mormor var her :)

Denne veka var det en del ting på programmet, torsdagen var mamma, mormor og farmor på "The sound of music" på Edderkoppen. Gutane sov heile tida medan vi var på forestillinga.

Bestemødrene badar Emil, stor stemning på badet!

Fredagen var vi på sjukehuset og undersøkte hoftene til gutane, alt bra heldigvis! Etter sjukehusbesøket var vi på Sandvika storsenter og shoppa litt julegaver.

Laurdag var vi på besøk med farmor slik at mormor fekk sjå kor ho bor. Vi gjekk til Majorstua og var på kafè før vi tok t-bana til farmor. Farmor laga vafler til oss.

Søndagen hadde vi pinnekjøt til middag, då var tante Ann Kristin, onkel Hogne og farmor på besøk og. Onkel Hogne kom med deilig riskrem til dessert.
Tante Ann Kristin og onkel Hogne med gutta boys

Mandag var vi på helsestasjonen og fekk vaksine. Ikkje kjekt å få sprøyte, men gutta-boys er tøffe og klarte seg bra. Etter vaksina reiste vi en tur til byen for meir julegåve shopping. Mormor traff ei veninne frå barndommen som ho ikkje hadde sett på lenge. Om ettermiddagen når vi kom heim var Sverre varm og lei, litt reaksjon på vaksina.

Tirsdagen fekk vi besøk av Gunn Jorid og dei to kjekke gutane hinna; Sivert og Sondre. Kjekt å sjå gjen dei.

Emil og Sivert vil begge ha denne leika.

"Gammeltante" Siri med Sivert og Sondre

Mamma med Emil og Sverre, Gunn Jorid med Sivert og Sondre


Og onsdag reiste mormor på flytoget. Ho var spent på om ho kom seg heim, det hadde nemlig snøva over en meter snø heime og hadde no begynt å regne. Men ho kom seg heldigvis trygt heim. Og no er det berre tre veker til vi skal oppatt til dei på juleferie :)

Hi hi her kosa vi oss i senga til mamma og pappa

torsdag 27. november 2008

Ei veke på Viddal! 11.11-19.11 2008


Onkel Jørn Ole med begge gutane.



Mormor med godgutane sine i dei flotte strikkedressane ho har laga.


Etter å ha blitt med tante Sølvi på fly var vi på Viddal ei veke med mormor og morfar. Vi kosa oss masse. Ei veke går jammen fort. Vi var ilag med tantene og onklane, oldeforeldre og besteforeldre. Ein dag til Ørsta var vi og, då traff vi Sara, Noah og Christop i Hovdebygda, dei var på besøk med mormora til Sara. Vi var og innom og helsa på Trude og lille Matheo. Julemesse på Bjørke fekk vi med oss, og kom jammen i Møre-Nytt når vi var der. På julemessa var det mange som ville sjå på gutta-boys. Etter å ha vore ei veke på Viddal blei mormor med oss til Oslo.


Tante Randi på trilletur i øs-pøs regn.(lånt vogn for anledninga)


Tante Sølvi og Sverre i storform ved kjøkkenbordet.


Morfar,Flink og Emil kosa seg i godstolen


Tante Randi og Emil


Tantene og gutta

Besøk av tante Sølvi!


Tante Sølvi med Emil og Sverre på fanget.

Søndagsmorgen 09.11 kom tante Sølvi på besøk. Ho kom med nattbussen, så ho kom tidlig fram til oss. Det var farsdag denne dagen så vi hadde litt gaver på senga. Vi trilla tur til Majorstua, der kjøpte vi bollar og kaffi på en kafe, medan vi satt der kom Jeanette og Tuva. Dei blei med nedatt til oss ei stund. Koslig med besøk. Etter at Jeanette og Tuva hadde reist kom Berit på besøk, og etter ei stund kom Øyvind og. Vi kosa oss med marsipankake og twist. Mandagen var mamma, tante og gutta på litt shopping i byen. Fekk starta på julehandelen. Tirsdagen var det og litt shopping. På ettermiddagen kom farmor med flotte leiketepper til oss som ho hadde laga. Om kvelden reiste tante, mamma og gutta til Viddal. Vi tok fly. Desverre var flyet en time forsinka, men det gjekk greit. Gutane sov og var rolige på turen.

Pappa fekk kopp med bilde av gutane sine på i farsdagsgave


Sverre på golvet med den kjekke leika si, legg merke til tanta i bakgrunnen

Jeanette og Sølvi på kafè



Farmor og Emil testa leiketeppet, som ho har laga


Sjølv om det var lenge å vente på flyplassen tok Emil det med ro og sov i ventehallen.

torsdag 6. november 2008

VI KAN RULLE SJØLV!


Fyste gangen Sverre rulla frå rygg til mage. 03.11.08

Om det var flyttinga som gjor gutta her meir nysgjerrige eller kva det var er ikkje godt å sei. Men mandag 03.11 snudde Sverre seg rundt til magen sjølv. Litt komisk fyste gangen, for han rulla rett på Fox sine føter. Fox blei litt forvirra over at dissa små tassane på golvet plutselig har begynt å bevege seg utom matta si. Sverre såg ut til å vere fornøgd med seg sjølv. Han har ikkje rulla så mange ganga etter denne fyste gangen, men ett par har det blitt.

Onsdag 05.11 syns Emil det var på tide å rulle over han og. Han var veldig fornøgd med å klare det så frå han kom det gledeshyl. Han har rulla over mange ganga etter det, men mamma har ikkje fått sett det. Ho har enten laga mat, bytta på Sverre eller rydda på plass ting i leiligheta. Ho hører berre fornøgde lydar og der ligg han på magen og kika.



Jippi vi klare å kome oss på magen sjølv!



Emil he funne føtene til Sverre, morro morro

Fredag 31.10

Fredagen hadde Trine komt nedover på "husmorsferie". Ho kom med nattbussen og skulle vidare til Drøbak, men hadde nokre timar å slå i hjel. Så mamma og gutta slengte seg på toget inn til Oslo s og traff ho. Litt shopping blei det og en kaffi på Bocata på Byporten. Eit koslig avbrekk frå flyttinga.


Trine og Emil