Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 31. mai 2009

Ute plenen

Pinsehelga kom med sommar i lufta :) Vi har kosa oss mykje ute, og enda er det ein dag fri. Her er gutane ute å kosa seg på plenen.

søndag 24. mai 2009

Mai - ein månad med masse besøk!

No i mai har vi hatt besøk tre helger på rad. Så det har ikkje vore mykje tid til blogging. Her kjem nokre bilder frå alt besøket vårt.


Mormor og morfar var her frå 15.mai-18.mai. Kjempe kjekt!


Vi var på bytur og kjøpte oss soft-is. Mmmm



Vi besøkte farmor i nye leiligheta hinna, her er besteforeldra i heisen.

Bestemødrene ser på utsikta frå takterrassen med farmor.

17.mai feira vi med tur til byen. Der kika vi på barnetoget, åt pølse og is. Så reiste vi heim til Skøyen. Her åt vi middag og kaker. Farmor blei med oss frå byen. Og litt seinare kom tante Ann Kristin og onkel Hogne og. Ein fin dag!

Tante Ann Kristin og Emil


Pappa og Emil


Morfar og Sverre

Desverre gløymte vi å ta bilde av gutane i finkleda på 17.mai. Så det var litt tabbe.


Morfar og Emil


Godt å salppe av litt.

Fredagsmorgen den 22.mai kom tante Randi på besøk, ho kom so tidlig at vi hadde ikkje stått opp ein gong. Seinare på kvelden kom onkel Yngve og. Dei skulle på Lynyrd Skynyrd konsert på laurdagskvelden. Laurdagen var vi på bytur, og åt pizza på Aker Brygge. Søndagen kosa vi oss ute på verandaen før tante og onkel måtte reise heimover.


Mamma og tante i farta :) Vore på litt shopping da, gikk sopass hardt føre seg at mamma knakk helen på skoa sine...


Mamma og gutta på Eataly på Aker Brygge


Onkel og Sverre


Tante og Sverre. Vil du ha litt brødskive tante??


Tante og onkel


tysdag 19. mai 2009

17.mai


gøy med gåvogn

Vi har fått oss ei gåvogn. Mamma kjøpte den på Ikea til oss. Den er kjempe gøy å gå med, men blir litt krangel med oss for vi vil gjerne gå begge to...






måndag 11. mai 2009

8.-10. mai, ei helg med besøk

Fredagskvelden komme Janne Trude på besøk (søskenbarnet til mamma). Ho skulle vere her heile helga, og laurdagen skulle ho og mamma på konsert i Oslo Spektrum med "Dei nye gitarkameratane". Vi rakk å trille tur i parken på dagen på laurdag.


Utpå dagen kom tante Randi og onkel Yngve på besøk. Dei skulle overnatte ei natt før dei reiste vidare på kjærstetur som onkel kalla det :) til Island.
Søndagsmorgenen hadde vi flott frokost alle sammen.




Tante og onkel med Emil

Tante og onkel reiste tidlig med flytoget. Etter frokost låg Sverre og Janne på madrassa som Janne hadde sove på. Dei låg og såg på tv, men etter ei stund såg vi at dei sov begge to.


Ein blir trøtte etter konsert og mykje besøk :)


Søndag før Janne skulle treffe dei ho skulle kjøre heimgjen med rakk vi en tur på Operaen. Det var veldig sterkt lys der.



Etter at Janne hadde reist, fekk vi melding om at Jørgen ( ein kompis av mamma og pappa) skulle vere i Oslo i 1,5t for å vente på toget. Sidan vi allereie var på Oslo S tok vi oss ein kaffikopp ilag med han medan han venta på toget.



Ei helg med masse besøk dette. Og neste helg kjem mormor og morfar for å feire 17.mai ilag med oss. Det gledar vi oss til!!

måndag 4. mai 2009

Våren er komen!

Fyste helga i mai er unnagjort og vi har hatt eit flott ver. Vi har trilla tur på aker brygge og vore på besøk med farmor i helga. Her er nokre glimt frå mai helga vår.


Pappa og Sverre på Aker brygge, vi gjekk på Cafè Sorgenfri og åt lunsj.


Sverre kosa seg med øra på snei.


Emil tok det rolig heile lunsjen og sov i vogna.



Mamma og Emil kosar seg på taket hos farmor.



Pappa og Sverre kjører karusell

Fult så bra gjekk det ikkje med mamma og Emil, som tok litt stor fart og enda slik:





Oppe på taket med farmor, flott utsikt!