Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 23. september 2012

Potetopptaking

Ei ny helg er over, og vi har gjort litt denne helga og.
Vi starta helga tidlig denne helga, sidan mamma henta gutta ganske tidlig i barnehagen. Fredagen kosa vi oss berre i nye gensera og strømpbukser som mamma hadde kjøpt på CCvest same dag.
 Sverre, Jetmund og Emil



 Laurdag fekk vi besøk av besta og onkel Kjetil (storebroren til besta) Det var kjekt. Onkel Kjetil hadde med pakkar til gutta, kvar sin bil fra Biler. Midt i blinken! Vi var ute og kika på dei som sprang Oslo maraton. Men det var sur og kald vind så vi tok turen i butikken og snopa laurdagsgodt og gikk heim. Utpå ettermiddagen reiste besta og onkel heim til besta.

Søndag var det Bondens marknad og forskjellig på kongsgården. Vi rusla oss ut og kika på dyr, hoppa i høy og kjøpte oss sveler og eplesaft. Vi fekk oss posar til å plukke potet i. Sverre fekk et voldsomt hosteanfall så vi kjøpte en honningslikkepinne til han. Det hjalp på. Jetmund sov seg gjennom nesten heile besøket, sjølv da en gråtass dura forbi han med potetopptakaren sov han like godt. Men når me skulle gå heim våkna han og gikk heile veien heim. Det var bra, for då kunne potetene vi hadde plukka få sitte i vogna.


 Sverre med honningpinnen sin i potetåkeren
 Pappa og Emil finner masse gode poteter
 Mamma og Sverre er godt i gang med å plukke






 Gråtassen gjor en god jobb her


søndag 16. september 2012

Fin septemberhelg

Vi er midt i september og er så heldig at sola skine og temperaturen er fin. Vi har vore på forskjellig i helga. Laurdag var vi på Karius og Baktus. Denne gangen var vi på Trikkestallen på Torshov.  Dette hadde mamma bestilt billetter til før sommerferien. Så det var tilfeldig at vi havna på Karius og Baktus forrige helg også. Men gutta syns det var kjempe kjekt på teater. Så det må vi gjere i gjen.

Søndag var vi først ute i sandkassa og i klatrestativet. Så gikk vi på Bygdøy på Kongsgården. Her var vi i fjøsen og såg på mjelking. Små søte kalvar var der og. Emil prøvde ponniriding.
 Sverre på ei statue utanfor fjøset på Bygdøy
 Emil på ridetur
 Emil, Jetmund og pappa
 Ku med kalv
 Her blir dei kongelige kyr mjelka
 Søte kalvar
 Mykje spennande å sjå på syns Jetmund, Emil klappar kalvane
Ei børste som starta når kyra stilte seg opp. Den var populær i bingen

søndag 9. september 2012

Hausten er på vei

Sommarferien er over og vi er godt i gong med nytt barnehage og skuleår. Endre har begynt på master på BI deltid og jobb og kvardagsliv går som vanlig.

Vi prøvar å finne på kjekke ting i helgane. Og her er det vi har gjort dei to siste helgane.

Søndag 02.09 var vi på Lørendagen på Lørentorget der besta Jorun bor. Det var sett opp scene i gata med underholdning og sang. Der var hoppeslott og masse forskjellige boder.
 Emil fekk ansiktsmaling
 Jetmund kika på alt som skjer
Sverre hoppar!

Denne helga har Endre vore på BI på kurs. Så laurdag var mamma og gutta på Familiens dag på Hoff. Her var det aktivitetsløype, kafe og teater med Karius og Baktus. Vi fekk oss plass heilt framme og var klar for teaterforestilling. Men det var skummelt syns veldig mange av dei små i salen. Så det vart det tutekoret. Mange måtte forlate rommet, men mamma og gutta syns det var gøy. Jetmund sat på skuldrane til mamma og såg dermed alt. Då den store tannbørsta kom hadde ikkje han som styrte den heilt kontroll og Jetmund fekk den rett i haudet. Jetmund tok det fint, men såg stygt på han som hadde gjort det og peika på han å sa: mannen.... 
Etter forestillinga kosa vi oss med vafler og pølser. 
 Emil kastar ringar på pinne
Her skal det spikrast! Gutta hadde god dreis med hammaren

Søndag tok vi turen til Frognerborga og gikk nedgjen til Skøyen. Gutta var så flinke å gå. Vi stoppa ved hundejordet og såg på hundane og kjøpte bolle og muffins.

 Emil på bussen
 Mamma og Sverre på bussen
 Emil på reia
 Sverre lika den store sklia
 Her er det gøy syns Sverre
 Sverre er gla og fornøgd med å vere på tur
 Gutta fekk seg ballongsverd med en klovn som dukka opp
No har Jetmund og våkna og vi kosar oss med boller og muffins