Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 31. mars 2011

Jetmund 5 og en halv måned

 Jetmund vekse og vekse. Tida går kjempefort syns vi! Tenk snart ett halvt år! Han er stortsett blide og fornøgde. Han likar godt å få vere ilag med storebrorane sine. Og dei er flinke å underholde han.
 Jetmund lika seg på leiketeppe sitt. Denne morsomme ballen med lys og lyd fekk han til jul med onkel Jørn Ole. Den er kjempe spennande no!
titt titt!

Slenge med ett bilde av Sverre som fekk låne babyteppe når han satt og kosa seg med barnetv:

onsdag 30. mars 2011

Andre helga på rad med Lolli!!

Hipp hipp hurra!! Gjett om Emil vart kjempe glad når Anette i barnehagen sa at han kunne ta med Lolli heim dinne helga!! Andre helga på rad med Lolli! Og denne gangen fekk Emil bestemme over bamsen! Dette snakka vi nemlig mykje om når det var Sverre som hadde Lolli med seg.
Mamma kavar litt med å skjønne om Lolli er jente eller gutt. Ho vil kalle Lolli for ho Lolli, men ser at i barnehagen blir den omtala som han. Så ho tok seg sammen og prøvde å sei han til Lolli.

Lolli fekk sitte oppå stellebodet når gutta bada, men han datt ned!! og blei våt på føtene. Så mamma måtte holde han so han fekk sjå på kor gutta bada.
På trygg avstand.. det går føre seg i badet ser vi!

Denne helga var det "guttehelg" for pappa. Noken kompisa frå Ørsta var i byen og dei var på båtmesse og "Top gear" og litt festing trur vi det blei og.  Så medan pappa var ute og lufta seg styra vi på heime heile laurdagen. Farmor kom ein tur og vi var ute og kosa oss i sola. 
På ei veke har den store krokodillen vår blitt ei lita firfisle...
Mamma, Jetmund , Emil, Lolli og Sverre på butikken og snopar laurdagssnop.
Kjekt med brett på vogna til Jetmund. Kan av og til bli langt å gå for små fota. Akkurat plass til to guta. 
Sidan vi hadde stått opp veldig tidlig, og gått ut tidlig syns vi det var litt kaldt. Og vi gikk inn og varma oss og Jemtund fekk seg mat. Tilde og mammaen måtte få låne vaskemaskina vår for deira var ødelagt. Vi avtalte at vi kunne leike litt ilag når vasken var ferdig. 
Vi kledde oss og gikk ut i sola. No var det varmare, og tynnedressar var deilig å ha på!
 Farmor, Sverre, Tilde og Emil i vårsola
 Fekk låne sykkel og sparkesykkel med Tilde
 Sverre syns det var kjekt å sykle. Han syns sykkelen til Tilde var veldig fin
 Emil fekk dreisen på denne sparkesykkelen
 Farmor og gjengen i klatrestativet
For ei mølje det blei!!

Vi var heldige å fekk kjeks og kakao på terrassen til Tilde. Snilde mammaen til Tilde!! Vi fann ut at neste helg vil vi reise til farmor og hente trehjulssyklane våra som er på vinteroppbevaring der. Vi gikk inn og fekk oss mat og leika oss inne. Farmor reiste heim til seg sjølv etter ein dag med full rulle med gutta.
Medan mamma la Jetmund bada Emil og Sverre. Og dei rampa seg til å fylle ekstra vatn i badekaret. Sjå berre kor mykje vatn det var:
Tett før det renne over her!

Søndag var det SOMMARTID. Vi stilte klokkene våra og gleda oss til å treffe onkel Yngve. Han hadde ringt og fortalt at han sto på Hjortnes kai og venta på båten til Kiel. Så viss vi ville kome å helse på han kunne vi det. Og det ville vi!!! Men før vi kunne gå kom Ronny, Jørgen og Lars innom for å hente noke dei hadde satt igjen. Før dei skulle kjøre heim til Ørsta. Ronny hadde kjøpt traktora til twinsa og tøff kopp til Jetmund. Kjempe kjekt!!
 Sverre med sin kule traktor med tilhenger!
 Emil med sin traktor med tømmer bakpå
Stor stas å få sitte i store traileren til onkel! Lolli fekk vere med og
Sverre ville ikkje sitte inne i bilen. Men syns det var spennande nok å sjå på den utafrå. Legg merke til onkel og Emil i bilen

 Full konsentrasjon her ja!
Emil og onkel Yngve!

Onkel Yngve skulle til Hamburg og vi måtte sei hade til han. Men han måtte love å snart komme tilbake. Emil ville gjerne bli med på store bilen. Vi rusla oss på bussen og reiste heim. Resten av dagen var vi inne og mala bjørn og mikkel rev. 

Ei helg med masse moro! No har vi hatt tre dagar der Jetmund har vore litt sjuk, Emil og Sverre er så flinke å kose med han og passe på han. Så no er han heldigvis begynt å bli bedre. 
Blide lisjebroren vår!

måndag 21. mars 2011

Besøk av Lolli igjen!!

I barnehagen til Emil og Sverre har dei ein bamse som heite Lolli. Den får komme på besøk til alle i barnehagen. Kvar si helg å ha den med heim. Denne helga var det Sverre sin tur. Sverre vart so glad når Anette i barnehagen kom med Lolli og sa at det var Sverre sin tur! Han bar Lolli heile veien heim. Emil og Sverre har blitt kjempe flinke til å gå heim frå barnehagen. Så no kan eg og Jetmund trille og hente dei. Kjempe flinke gutar!
Helga med Lolli var morro syns Sverre. Her er nokre bilder av dei:

Sverre og Lolli kjører bilar
 Laurdagsfrukost! Polarbrød med nugatti og biola.. mmmm Lolli sitter og venta på bordet
 Lolli kjører tog
 Sverre og Lolli leika ute på søndagen
Den fem meter lange krokodillen i hagen begynner å minke
Lolli får sitte på i lastebilen til Sverre
Emil syns det var litt urettferdig at det var Sverre som skulle ha Lolli heile helga, men etter at vi hadde snakka om det gleda han seg til Lolli kjem på besøk til han. 
Litt bilder frå helga og det vi gjor:

 Jetmund øva på å ete graut
 Vi laga hytte på stovegolvet
 Jetmund blir større og større, sitte i sofaen med pappa
 Mamma e gla for sol og varme!!!
Emil fekk låne Lolli litt
Sverre driv anleggskjøring. Tipping av lass

tysdag 8. mars 2011

Av og til er det skummelt å sove åleine....

syns Emil! Under senga er det nemlig mykje rart. Edderkoppar, bjørnen og krokodilla er ikkje uvanlig på rommet med Emil og Sverre. Men når en har ein bror på rommet er det berre å kome seg oppi senga til han, då er ein redda. Slik kan det gå  føre seg:

måndag 7. mars 2011

Brødre

Tre brora som kosar seg ilag:


Litt togkjøring oppå kommoden før legging.
Tut tut med toget! Sverre er veldig glad i å kjøre med toget sitt.
Utrulig kor mykje morro ein kan ha med berre ei kasse! Her er Emil oppi kassa og Sverre lata som han er en edderkopp som skal ta han. Hysterisk morsomt!
HAHAHAHAHAHAHA
Oppi kassa gjen!
Kosetid! Emil og Sverre likar å klemme.
Sverre og Jetmund
Emil er flink å snakke med Jetmund. Dei har veldig fin kontakt.
Begynt å bli store gut lillebroren vår.
Hmm kor det var med denne fjernkontrollen no da?? Sverre prøvar å slå på tv.
Gøy å sitte på fanget til storebroren! 

Er ikkje vi heldige som har tre slike kjekke gutar i huset vel? Aldri en kjedelig dag iallefall!!

VM!

Vi har ikkje vore i sjølve løypa under VM, men vi har vore ett par turar til sentrum. Der var det storskjerm og masse folk. Siste dagen av VM ville vi få med oss fem mila på storskjerm og føle litt på VM stemninga.

Gutta i vogna. Rigga opp med flagg og etterkvart kjøpte vi kubjeller og. Er det VM er det VM.
 Mamma og Sverre framfor Stortinget. Her var det storskjerm og mykje folk. Etter som det nærma seg målpassering kom det meir og meir folk.
Emil gjor som Northug, la seg bakpå heile femmila og våkna til målgangen og fekk med seg den.
 Medan Emil tok det rolig heile femmila, sprang Sverre ca fem mil rundt der vi satt.

Jubelen var stor då Northug gikk over målstreken! Hurra for Norge!! Jetmund sov lenge i vogna si, so fekk han kome opp å kike litt han og. Før han la seg gjen. Ein snilde lillebror å ha med på tur!!