Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 27. juni 2011

Store guta kan mykje.....


.... som å sykle på STORE syklane i barnehagen!!

Sverre var svært fornøgd med å få sykle på store syklen i barnehagen med tilhenger!
Ikkje berre berre å ta dinne svingen rundt stolpen her, men Sverre imponerte mora stort med sving og ryggeteknikken sin!
Her er det straka vegen forbi stolpen og mot parkeringa
Vi kan male fine krusedulla til mamma og pappa. Det går mykje i slangar og krokodillar!
Vi kan også finne på litt RAMPESTREKA!


 Vi kan lære lillebroren vår rampestreka:
 Vi kan hjelpe kvarandre med det vi trenger hjelp til. Som å få maling bak ørene også.

Vi LIKA å få den kjekke lillebroren vår til å le:
 Vi sei til mamma at Jetmund har lov å ha beina på bordet, fordi han er liten!

 Men av og til er vi litt små og må ta en timeout vi og:
Vi er heldigvis nesten ALLTID gode vennar! Som kan sove på skuldra til kvarandre.

To treåringar!!

Endelig var det klart for treårsdagar! Emil og Sverre har snakka mykje om bursdag i det siste. Og dei gleda seg til bursdagskake har vi fått høre.

Desverre døde oldemora til Emil og Sverre, så vi var i begravelse på Stranda fredag 17.juni. Ein fin begravelse for gamle strandabesta blei det.

Sidan vi hadde kjørt til Sunnmøre torsdagskvelden og fekk overnatte med tante Sølvi Anita på Hustadneset fann vi ut at vi ville vere der til søndagen og feire treårsdaga ilag med tante,onkel, Anna-Sofie og tante Randi og onkel Yngve. Tante Sølvi hadde baka sjokoladekake, og av den skulle vi lage noko spennande fann mamma og tante ut.  Det blei sjørøverskip kake!

Sjørøverskipet klar for morgendagen
 Ein krokodille har komt seg ombord og mannskapet er livredde!!
Det blei ein del godteri til overs når vi pynta kaka. Ser ut som pappa Endre og onkel Anders syns det var greit
Ein flott fredagskveld på den nye verandaen til tante og onkel
Så var det bursdagen til Emil. Laurdag 18.juni. Tenk 3 år allereie. Det har vore tre år som har gått veldig fort! Sidan vi skal kjøre heim til Oslo søndagen på bursdagen til Sverre, feira vi begge gutta ilag.  Etter å ha opna masse pakkar med masse fint! Mange flotte kleder, nye matboksar og masse flotte nye leiker var det på tide å gå ut å prøve litt av leikene. Pappa blei med storegutane ut, medan mamma og tante trilla tur med dei minste som skulle sove litt. Ronny, Marie Helen, Mathilde og Runa kom og på besøk med flotte gaver til gutta! Kjempe koselig. Her ser du litt av dagen vår:

Bursdagsfrukost, Jetmund, Sverre, Emil, mamma, onkel Andres og Anna-Sofie
Første pakkane! Dette er frå besta
 Det var flott fleecedressar frå besta, Emil ville ha på sin med ein gong!
 Her er det fleire gaver som har blitt opna, både bilar og buss har det blitt. Kjempe stas syns gutta!
 Sverre, Anna-Sofie, tente Sølvi Anita og Jetmund i sofaen
 SO STORE!! Anna-Sofie og onkel Endre
 Tante og Jetmund kosar seg
 Enda meir pakke!!
 Flott lastebil med tilhengar! Sjå kor lyst Anna-Sofie og Jetmund har lyst å ta den
Jetmund og Anna-Sofie har funne noke spennande på verandaen
 Ett radarpar ditte! Her på trilletur til Sæbø og handle litt på bakeriet
 Tante Randi og Sverre les i den nye boka han fekk med tante Randi og onkel Yngve
 Mamma kjem med sjørøverskipkaka! Med slike kakefaklar som spruta på. Såg ut som skikkelig sjøslag her no!
 JEeeeeeeeee Emil syns det var saker med kaka!
 Lille gelesjø med masse krokodillar i rundt båten var spennande greier!
 Skikkelig bursdagsfeiring her no!
 Onkel Yngve og tante Sølvi kosar seg med kake og kaffi
 Tantene med deilige kaker som tante Randi og onkel Yngve hadde baka
 Onkel Anders og Emil måtte reparere litt på bordet under selskapet. Ein skrue som var laus
Mamma med søstrene sine på den flotte verandaen til tante Sølvi. Det er onkel Anders som har bygd den
Spennande å henge på rekverket, pappa, mamma, Jetmund, Anna-Sofie og onkel Anders. Kva ser vi på tru??
Aha! Det kom eit brudepar som skulle ta brudebilda sine ned med sjøen, dette var spennande å sjå på.
Sverre syns det var mykje med bursdagsfeireinga, så han sneik seg ein kvil på sofaen
 Kalvane, eller kavlane som gutane sei
 Onkel Anders, Sverre og Anna-Sofie er oppe i skogen og ser på kalvane
 Fint å gå tur her syns Emil og Sverre
 Emil har funn ein edderkopp
Sverre kosar seg med ein yoghurt på kjøkkenbenken ilag med tante Sølvi
 Etter at bursdagbarna hadde lagt seg var det pappa og onkel Yngve som leika seg med leikene

 Søndagsmorgen var det å pakke i bilen gjen og kome seg mot Oslo gjen. Vi fann ut at vi ville kjøre Geiranger-Strynefjellet denne gangen. Så vi gjordet det. Så kjørte vi Gudbrandsdalen sjøl om det var mykje flom der nokre dagar tidligare, det meste var rydda vekk, men nokre få små omkjøringar var det. Oppover kjørte vi Valderesflya, men det er jammen ganske smalt og humpete vei der syns vi. Jetmund spydde etter turen over der, om det var humpane eller at vi spelte Michael Jackson litt høgt er ikkje godt å sei. Turen heim gikk iallefall veldig fint.

 Brødrene i vindaugskarmen på ferga Hellesylt-Gerianger
 Is, flotte fjell, å vestland vestland på høgtalarane er flott feireing av Sverre sin 3 årsdag
 Emil
 Sverre
Jetmund ville også smake is med mamma

Barnehagen ville også feire bursdagen til gutta, så istadenfor at gutta skulle ha med noko i barnehagen for å feire tok vi å inviterte avdelinga til feiring heime med oss. Emil og Sverre gleda seg skikkelig til å vise alle leikene sine og kor dei bor. Litt skuffa blei dei da det var berre tre stykker som kunne komme. Og to av dei var veldig små. Men vi kosa oss likevel. Det går nemlig vannkoppane på avdelinga, så mange er sjuke. Emil og Sverre har hatt vannkoppane så vi slepp å tenke på det.
 Edderkoppmuffins var ein slager med barnehagegjengen!
 Først må vi ete nistematen vår før det er kaker. Her er barnehagegjengen på plenen
 Bursdagsgutta!