Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

laurdag 19. juni 2010

2 år! 18. og 19 juni 2010


Tenk at no er gutane allereie 2 år! Dagane blei feira med kaker og morro fra morgen til kveld. Fredag 18.juni var det Emil sin dag, mamma og pappa laga sjokoladekake som gutane fekk med seg i barnehagen. Der hadde dei feira med pizza og kake. Og gutane fekk krone sjølvsagt.
Mamma fekk mms fra barnehagen da dei blåste lysa på kaka, det syns vi var hyggeli gjort av dei i barnehagen.
Sverre, Emil og Annie blese ut kakelysa!

Fredagsettermiddag var vi alle glade for å komme heim. No er det nemlig to veke ferie for heile familien! Vi hadde sjølsagt litt pakke på dagen til Emil. Begge fekk flotte sommersett av mamma og pappa. Også fekk dei eit telt som var heilt rått! Det var tordenbyger ute så vi måtte prøve det inne på stova. Kjempe gøy!!

Sverre i nytt sommersett klar for å få opp teltet!
 Bursdagsguten Emil måtte kose litt med mamma.
 Jippi teltet er oppe og vi susa gjennom tunellen!!
Titt titt! Sverre inne i teltet.
Juhu! Emil i tunellen!

Laurdag 19.juni er dagen til Sverre. Vi stod opp og åt en god frukost. Gutane fekk nugatti på skivene sine, som det seg hør og bør på en 2 årsdag!! Vi opna pakkar fra onkel Hogne og tante Ann Kristin.Bøker som vi måtte lese med ein gong. Vi hadde invitert nokon til å kome i selskap idag og gleda oss til det. Etter at pappa og Sverre hadde vore på bakeren og kjøpt marsipankake kom gjestane våre. Tilde og mammaen Lene. Nokre gjestar måtte desverre melde avbud. Men vi kosa oss med Tilde, som også går i barnehagen vår. Vi fekk flotte sommerbukser og bodyar med dei. Vi kosa oss med kake og leika med teltet og leikene på rommet vårt. Vi fekk enda ei gave fra mamma og pappa; kvar sin flotte trehjulsykkel!! HURRA! Idag måtte vi prøve dei inne for det var ein voldsom vind og nokre regnbyger ute. Det orka vi ikkje idag. Ein toppers bursdag var det iallefall!

Kakegjengen! Emil i liggande kakeeting, Tilde, Sverre og Lene.

Sverre er GLAD i kake!


Gøy i tunellen! Emil og Tilde i full fart!

Tilde likte teltet like godt som gutane.

Berre å stille seg i kø!

Sverre testkjører syklen! Den var super syns han.

Begge gutane med syklane sine. (fekk desverre ikkje til å snu dette bildet)

Fortare pappa!! Emil klar for å få sykle!

Ikkje berre med oss det var ein stor dag! Vi måtte sjå litt på svenske bryllupet og innimellom sykling og kakeeting.