Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 30. september 2008

Hauststemning

I det siste har det vore eit fantastisk fint ver. Eg og gutta har trilla mange fine tura sammen med Fox. Og to gangar har Jeanette og Tuva blitt med oss ut på Bygdøy sjøbad. Her har vi kosa oss i sola. Fox har hatt med fotballen sin. Den har han bada mykje med.

Her er Jeanette og Tuva i full rulle med å spele fotball med Fox. Han kjem svømmande med ballen i bakgrunnen.



Fox venta på at nokon skal kome å sparke ballen.
Jeanette og Tuva kosar seg på stranda.


Det er fortsatt en del sol på nye verandaen vår og plenen, vi gleda oss til å flytte inn om en måneds tid.

Fox i alle lauva som plutseleg kom dalande av trea.
Titt titt her ligg vi å kosa oss i vogna vår

VIPPESTOLAR!


HURRA VI HAR FÅTT OSS VIPPESTOLAR!
Etter at vi var med mormor og morfar på ferie har vi hatt lyst på vippestolar, der hadde nemlem mormor den gamle vippestolen som mamma, tanter og onkel har hatt. Så fekk vi låne en med tante Ragnhild og. Vi syns det var moro å sitte i desse vippestolane. No har mamma kjøpt kvar sin til oss, så no vippar vi og kosar oss. Av og til sovna vi i stolen og.

Emil kosar med giraffen.


Sverre kosar med giraffen.

Her har Emil sovna, med eit godt tak på giraffen da. Fox ligg å passa på.



Sverre likar godt å ligge på leiketeppe og da.

Besøk med mormor og morfar 05.- 13.09 2008

Vi var ei veke på Viddal etter dåpen, då kosa vi oss med mormor og morfar, og tantene og onklane våra. Her er nokre bilder frå veka:


Bestemødrene

Laurdag 06.09 var vi inn på grava til farfar og la ned en krans og planta lyng.


Tante Sølvi og Emil

Tante Randi og Sverre

Mormor leita fram barnevogna ho hadde når mamma var lita, etter litt vask og puss var den god som ny, og tenk her var det plass til begge gutta oppi. Vi tok den enda til med på tur til Volda.







Her sov vi godt her. I denne vogna her har mamma, tante Sølvi, tante Randi og onkel Jørn Ole sove mange gode trilletura.


Morfar og Sverre var gode kompisar ved frokostbordet

Vi gjekk fine trilletura innover veien, her er det tante Randi som trilla.



Vi var en tur nedom gamle tanta og onkelen på Vindsåsen.

Onkel Hermod og tante Ragnhild med Emil på fanget.

Tante Ragnhild fekk skifta ei bleie med når vi var der.

Dåpen

Dåpshelga 06.-07.09.2008

Laurdag 06.september starta vi feiringa av dåpsbarna. Vi hadde kaker, boller og kaffi selskap heime med mormor og morfar på Viddal. Alle tanter, onklar, besteforeldre var til stades. Oldeforeldra på Viddal var der og. Vi kosa oss utover dagen. Gutane fekk mange fine dåpsgaver.
Søndag 07.september var det dåp i Sæbø kirka. Det var ei jente som og blei døypt denne dagen. Gutane sov gjennom heile gudstjenesta. Mange flotte faddera og gudfara denne dagen. Etter kirka reiste vi til Union Øye Hotell og åt fin middag. Derifrå reiste farmor, tanta Ann Kristin og onkel Hogne tilbake til Oslo. Vi andre reiste til Ørsta og Viddal gjen. Pappa Endre reiste til Oslo på fly om kvelden. Mamma og gutta skulle vere med mormor og morfar ei veke.




Gudfar Jørn Ole med Sverre Alexander, gudfar Hogne med Emil Kristoffer og prest Kåre Øygard


Mamma og pappa med dåpsbarna


Gudfarane Jørn Ole med Sverre og Hogne med Emil


Sverre Alexander med sine faddera, Jørn Ole, Sølvi Anita og Anders


Emil Kristoffer med sine faddera, Yngve, Randi, Hogne og Ann Kristin


Sverre og Emil i dei flotte dåpskjolane som mormor har sydd.