Endelig vart det sommarferie for alle sammen med oss. Vi reiste til Viddal laurdagen 07.07 og søndagen var det feiring av morfar som var 60 år. Etter ei vellykka feiring med masse god mat kjørte vi til Ørsta til tante Randi og onkel Yngve. Der blei gutta lagt og mamma og pappa reiste vidare til Vigra og overnatta på flyplasshotellet der. Derifrå reiste dei til Riga tidlig på morgonen. Der var dei fra mandag-torsdag. Gutta storkosa seg med tante og onkel. Når mamma og pappa kom heim reiste vi til Sætre og var der. Der var det mykje å gjer. Rydding og vasking. Pappa og gutta kjører traktor og brenner rusk. Vi skal vere her nokre dagar til før vi reiser til mormor og morfar.
Takk for lån av kjekke bok Randi
Kattehuset i Riga
Av og til må lillebroren vere inne, og då får han litt ekstra kos med mammsen. Som her; potetgull på kjøkenbenken medan han ser på storebrorane ute
Sverre likar blomstrar
Besta og Emil fiksar en stol
Gutta ventar på morfar og tankbilen
Jippi vi ser tankbilen på Bjørke
Utsikt frå Sætre til Viddal
Her kjem morfar. Besta heng ut soveromsglaset og vinkar
Spennande å kjøre dei bratte bakkane opp i Bakkedalen
Takk for turen morfar og tankbilen!