Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 23. mai 2010

Tur til botanisk hage 23.05.10

Sverre og pappa ruslar inn i botanisk hage.
Idag tok vi oss en tur til botanisk hage på Tøyen. En halvtimes busstur så var vi der. Det var flott sol og varmt. Vi hadde avtalt med farmor så ho møtte oss der. Vi åt vafler i kafeen der før vi rusla rundt og såg på alle dei flotte plantene som allereie var i full blomstring. Gutane syns det var kjempe spennande å springe rundt i skogen her. Det kom ei lita regnbyge når vi var der, då la Sverre seg i vogna og sov en times tid. Emil syns det var så spennande å springe her at han hadde ikkje tid til å sove. Her er det noken bilder fra dagen:
Farmor møtte oss i parken. Sverre og Emil har fått seg juice.

Her var det spennande å balansere! Pappa, Sverre og Emil.
Mamma og Sverre under ett stort grantre.
Gøy å klatre på stammen til ditte store treet.
 Farmor og Emil i fjellhagen. Spennande med vatn!
 Enda en dam som Emil og farmor kasta pinnar i. 
 MMM. Vi fekk is med farmor før vi skulle reise heim.
På trikken heim blei det hardt å halde seg våken for han som ikkje hadde tid til å sove tidligare.
Heime kosa vi oss ute på verandaen. Sverre på benken.
 Emil ute på plenen.

tysdag 18. mai 2010

Langhelg til Sunnmøre 12.-17.mai 2010


Vi hadde ei flott langhelg på sunnmøre. Vi reiste med fly til Vigra på onsdagskvelden. Der var onkel Yngve og venta på oss. Han kjørte oss til Ørsta. Og derifrå fekk vi låne den flotte bilen til Viddal.

Pappa Endre og ein gjeng med dugande arbeidskara sette opp nytt gjerde på Sætre, slik at det kan vere fem geitebukkar der i sommar. God innsats og arbeidslyst gjorde at det blei eit flott gjerde! Mamma og tante Sølvi laga vafler til karane. Det smakte godt!
MMM vafler er gode greier. Onkel Jørn, pappa, onkel Anders, mamma, Emil og Jørgen.

 Pappa og Sverre kosar seg på Sætre.

Onkel Jørn, tante Sølvi, Emil og Flink inspiserar gjerdet.
Gøy å springe og klarte på gjerdet!!



Det var flott ver og vi var mykje ute og leika oss med flotte leiker som mormor hadde kjøpt. Men det vi synst var mest spennande var når onkel Jørn kom kjørande med traktoren!
Onkel Jørn med traktoren!!

Mormor og onkel Jørn laga nytt blomsterbed.
Sverre og Emil sparka fotball med Fox.

Fox har vore på Viddal sidan påske. Han blei glad for å få besøk av gutane, mamma og pappa. I sommar skal han bli med oss heim. Det blir fint!



Her var det fint å sitte. Morsomt å kaste stein!

 Flott ver å sitte her å kose seg i.
 
Mormor hadde kake. nam nam.

17.mai blei feira på Bjørke før vi måtte kjøre til Ørsta for å ta flyet til Oslo igjen. Vi gikk i tog, var i kirka og på Haukly ungdomshus der det var middag og is.

Emil og Sverre klar for toget. I flotte bunader som er strikka av mormor og litt av mamma. Farmor har strikka strømpene.
Sassa og pappa ventar på middag. "Bjørke-sodd"

Mamma og tante Randi.
 Sassa og gutane ser på traktorar og bilar.
 
 Morfar, mormor og tante Randi. Morfar og mormor var i 17.mai komiteen dette året.
Emil fann en hammer som måtte testast. Sverre følger med.
Tante Randi spanderte is. Nam nam!
Meir is med mormor. Sverre synst det er godt med is!
Emil får is med morfar.
To som har fått for mykje is?? pappa og tante Randi.
 På Volda/Ørsta lufthavn er det legobord. Det er kjekt å styre med når en venta på fly.
Framme på gardermoen. God plass til å springe her!!
Sverre klar for å finne bagasjen vår.


tysdag 11. mai 2010

Besøk av Lolli igjen!

Da var turen komt til Sverre. Han fekk besøk av Lolli helga 7.mai-9.mai. Lolli fekk vere med på å leike med bilane, lego, trilletur og lese bok. Emil syns nok at Sverre kanskje ikkje kosa nok med Lolli, so han måtte ta ansvaret og kose litt ekstra med Lolli.

Ei kjempe humle kom på besøk i glaskarmen vår! Bzzzzzzzz

Sverre og Lolli kika på humla so surra voldsomt i glaskarmen.
Den ga seg ikkje den humla, Emil måtte og kome å sjå.

Laurdag tok vi oss en bytur. Det var flott sol og varmt. Vi tok trikken til byen. Det var spennande å få sitte på eget sete i trikken. Lolli låg trygt i vogna so lenge. 
Mykje å sjå på når ein sitte på trikken.

Vel inne i byen måtte vi sitte litt i vogna. Vi kjøpte oss nye bøker med brannbil og lastebilar! Kjempe stas! Vi sprang etter duer! Og traff farmor. Vi kjøpte softis og kosa oss. 
Spennande bøker. Lolli følger spent med!

 MMMM! SOFTIS!

Vente på trikken!


Etter ei helg med bytur og leik måtte Lolli vaske seg i vaskemaskina. Ho var rein og fin på vei til barnehagen mandagsmorgen! MEN ops Lolli datt rett i ei søyle utanfor barnehagen og blei kjempe våt og grusete. Sånn kan det gå. 
Ei fin helg var det uansett.