Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 24. februar 2009

Morgenstemning!

Her er den nye stilen om morgonen. Begge to har blitt so flinke å stå på kne i det siste so det er det fyste dei gjer når dei våknar. Opp å sjå om broren er våken. Så står dei å ser på kvarandre og ropar og ler. Skikkelig morsomt å høre på dei.

laurdag 21. februar 2009

Badeand!


Den nye familien som har flytta inn på badet vårt.

Vi har ønska oss ei badeleike. Og i dag kjøpte pappa badeand til oss, ikkje berre ei men ei heil badeandfamilie! Kjempe kjekt syns gutane!


Sverre studerar den store badeanda


mmm må smake og


Dei var så kjekke desse badeendene, så Sverre måtte ha med ei lita på stellebordet og.


Emil prøvar å fange ei!


Vil den lille badeanda sitte på den store?


HIHIHI dei va kjekke syns Emil.

SNØ!


Ikkje lett å vere Fox, snøen klabba seg i heile pelsen sin.

Her på Skøyen lavar snøen ned. Det er skikkelig vinter. Faktisk er det begynt å bli sopass med snø no at det er vanskelig å trille med vogna. Så idag fann vi ut at vi rusla oss en tur med gutane i bæreselane våra. Fox var i hundre i all snøen ! Og gutane syns det var ganske morro dei og.


Mamma og Emil


Pappa og Sverre (og for bekymra bestemødre som ser at vi ikkje hadde vottar! Vi var ikkje lenge ute og gutane blei ikkje kalde :)


Fox på jagt etter ballen sin


Der er ballen!!!

måndag 16. februar 2009

Leikegrind


Emil klatrar på Sverre



I helga var det ingen vei tilbake. Vi tok oss en tur på Babymagasinet på Grønland og kjøpte oss leikegrind. Endelig kan mamma gå på do uten å ha panikk om dagane, eller bytte bleie på den eine medan ho vait at den andre er trygt inne i leikegrinda. No er nemlig gutane begynt å krype vel fort begge to. Og Emil har begynt å reise seg opp på kne og nesten opp på føtene overalt der han får det til. Kan vere skummelt når ikkje mamma får sett etter. Det virka som dei syns det er greit å vere i grinda når dei må.


Spennande å vere i leikegrinda for fyste gongen


Vi kosa oss med koppane våra, sjølv om døra på leikegrinda stod opa ville dei ligge der inne med en kopp vatn.


Ikkje so lett å krype ut opninga når Sverre låg der.....

tysdag 10. februar 2009

ååååååååååååå ikkje meir bilde no mamma!!!

Gutane blir no knipsa ofte... og no har Emil lært seg at når det oransje lyset kjem på kameraet er det tett før den ekle blitzen kjem. Så då e det berre å knipe gjen augene og lage ett artig fjes:






Sverre er ikkje so kresen på denne blitzen så han ser ganske vanlig ut på bilda..enda iallefall:



Vi lika litt lyd her i huset!!

måndag 9. februar 2009

Sjå nederst på sida for å få sjå ett lite slideshow med gamle og nye bilder av tvillingane

Fox er spennande å sjå på



Det er veldig spennade med Fox for tida. Og Emil som klarer å krype dit han vil i stor fart må titt og ofte bort å sjå på Fox


Ballen vil ikkje Fox dele med gutta



Det er lettast å lure seg innpå Fox når han søve har Emil funne ut


Fox, farmor og Sverre kosar litt

onsdag 4. februar 2009

VANNKOPPANE

Etter ei veke med forkjølelse og småsjuke fekk Sverre masse raude prikkar på kroppen. Vi ringte til legen for å høre kva dette var. Han hadde hatt ganske høg feber ett par dagar og så vi ville sjekke at det ikkje var noko alvorlig. Det endte med at vi søndag måtte ta turen på legevakta inne i byen. Der var det masse folk og lange køer. Var nok en ekstra stor del med uheldige skiløpera denne dagen. Etter å ha venta og venta fekk vi kome inn til ein hyggelig lege som heller ikkje heilt kunne slå fast kva desse prikkane var. Så han henta enda en lege. Han sa med det samme at dette ligna på vannkoppane, men det var eit så tidlig stadie at det var vanskelig å sei sikkert. Vi skulle sjå ann korleis dei utvikla seg og gå utifrå at det var vannkoppane. Vi blei oppmoda om å ta kontakt med fastlegen vår for å få bekrefta om det var vannkoppane eller ikkje om eit par daga. Tirsdag reiste vi til fastlegen vår, ei hyggelig dame. Legekontoret ligg berre 5 min. gange frå oss så det var greit. Medan mamma og Sverre var inne med legen sat Emil i vogna si og sjarmerte resepsjonsdama på legekontoret. Dei hadde hatt ein hyggelig prat dei sa ho. Legen sa at dette var vannkoppane og at det måtte berre gå sin gang. Sverre hadde og fått kraftig augekatarr iløpet av natta så vi fekk dråpar og salve mot dette. Så var det berre å rusle seg heim. Farmor hadde vore med oss på mandag, ho hadde kjøpt med kvitvask, så det er berre å pensle på så ikkje det klør slik. Sverre har ikkje klødd seg så mykje, men det virka som han syns det er deilig med kvitvasken. Heldigvis er Sverre i godt humør og et og drikk nesten som vanlig, litt dårlig matlyst. Og feberen har gått ned. No har Emil begynt å få feber så det er vel ikkje lenge før han er prikkete og.

Farmor pensler Sverre inn med kvit vask, med ein bakepensel. Sverre studere tannkosten


Ryggen må og penslast.

Min fyste tannkost


Emil med den nye tannkosten sin.


Tennene er komne godt opp med gutane. Sverre har to nede og Emil har tre nede. Då er det på tide med tannpuss. Vi har fått fine tannkostar med bitedel på nede. Desse var spennande å utforske. Og vi syns begge det er litt morro å pusse tennene. Farmor kom innom ein dag og hadde kjøpt med Flux til oss, det var ikkje så morro syns vi når vi skulle prøve. Emil prøvde ein liten bit, men det endte med at han kasta opp av heile greia. Men vi får berre øve på det og. For tennene må vi passe!!


Sverre og farmor pusser tennene


Emil nybada, undersøker tannkosten nøye.