Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 30. mars 2009

Ein dag på sjukehus! torsdag 26.mars 09

Emil har surkla og vore tett no ei stund, og frå mandag og utover veka blei det berre verre og verre. Torsdagsmorgen hadde han ganske høg feber og ville ikkje ete. Eg ringde fastlegen og fekk kome dit ganske kjapt. Vi trilla oss bort på legekontoret for det eg trudde skulle bli en rask afære med resept på medisin. Men legen syns han var så tett at ho ville sende oss på sjukehuset for å teste om det er RS-virus. SJUKEHUS tenkte eg...er det så alvorlig..overnatte der og kanskje?? Ja ja vi trilla på bussen og susa opp på Ullevål universitetssjukehus. Der blei vi møtt av ei hyggelig sjukepleier. No vart det tatt prøver av snørr, slim, oksygenopptak i kroppen og blodprøver. I det pleieren spør om Emil drikk noko svara han med å tisse utover heile vekta og undersøkelsesbenken, og mammaen sin da. (Som ikkje hadde med noke skift) Det var mange låke prøver dette syns Emil. Då var det godt at Sverre var med å held han med selskap.


Denne garasja var morsom, med knappar med lyd. God å ha i all ventinga.


Vi blei flytta frå undersøkelserommet til ett rom vi skulle vente på. Og vente fekk vi gjere. Vi kom på sjukehuset i 11:30 tida. Og mesteparten av dagen blei det venting. Emil måtte puste i ei maske med astma medisin, det brukar dei på slike tette små gutta.

Kl.12:30 fekk eg meg middag(fiskekaker i brun saus, noke av det verste eg veit....brun saus passar ikkje på fiskekaker ) på sjukehuset og då forstod eg at dette kjem til å ta dagen. Eg er glad eg fekk ha med meg vogna på rommet å legge dei i. Emil hadde feber og var slapp så han sov mange smådubbar. Sikkert det beste for han.

En febersjuk liten gut i vogna si

kl 13.30 Emil får si andre dose med medisin i slik pustemaskin. No var det eg som fekk halde maska, for pleieren sa at vi mest sannsynlig fekk med oss ei slik maskin heim, så lurt å prøve det. Sverre blei med pleieren på vaktrommet på sjarmørrunde. Han var i storform denne dagen.
kl.14.00 fekk Emil enda ei dose medisin, en annen type denne gangen. No meinte pleieren at han var så fin i pusten at vi sikkert får reise heim snart med ei slik maskin. JIPPI tenkte eg.

Kl 16.12 ny pleier kjem inn og vimsa litt. Eg sei at Emil har feber og lure på om ho har noke dempande til han. Vi måler feberen og den er godt over 40. Han får flytande paracet og sovnar godt i vogna. Når Emil våknar no er han super pigg. Han kryp rundt og leikar med Sverre. No begynner eg å bli lei av venting.

VI VIL HEIM! Emil og Sverre bankar på døra på rommet vi var på.


Endelig kjem Endre til oss i 18- tida. Gutane blei glad for å sjå pappaen sin. Det blei eg og, og glad for sjokoladen han hadde med, for eg hadde ikkje ete noko sidan middag. Eg gjekk og fekk tak i graut til gutane, og Sverre var svært trøtt og lei no. ENDELIG kom legen og skulle sjå om vi skulle overnatte eller ikkje. Og legen sei berre ganske enkelt:Dere trenger ikke vere på sykehus med denne gutten....den beskjeden kunne vi nok fått noken timar før? Vi fekk med ei maskin og diverse papir. Og endelig kl. 20 var vi heime.


Mamma og Emil med pustemaska, ikkje så kjekt dette. Men Emil var veldig flink!


Ikkje kjekt dette her. Må ej da pappa??

Pappa og må prøve denne fæle maska litt. Då var det ikkje så grusomt lenger.


Emil blei fort bra med den maskina. Men neste dag var det Sverre som var utslått av høg feber.
Då var det godt å kvile på fanget til pappa:

1 kommentar:

Trude sa...

Stakkars liten tupp...
Håpe han e heilt friske igjen no. Ikkje noke kjekt når dei e sjuke.