Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

fredag 29. oktober 2010

ENDELIG FEKK VI BADEKAR!


Vi har i det siste pussa opp litt på badet. Og vi har fått badekar. Det var på tide syns tvillingane. Dei likar å bade ialg, og i det siste har det vore så trangt i badebaljen når begge har bada ilag at det har vore som: "ei bytte med ål" som pappa sa ein dag.  Vi har ikkje fått ferdig fronten på badekaret, men det hindra ikkje badegutta å storkose seg i badekaret. Kveldsbadet tek litt lenger tid no ja. Men det er no kjekt å bade så vi plaskar i vei.

 Pappa må susse frosken....
 Sverre badar med ein vill dinosaur!

 Kvakk kvakk, ein badefrosk!
 Masse skum!

Kjekke storebrora

Emil og Sverre har vore snilde og kjekke storebrora fra lillebror kom heim. Dei vil gjerne kose med han, og at vi skal ta han med inn på rommet deira når vi skal leike med tog eller lego. Ikkje alltid so lett å beregne at en er mykje større enn en baby, så kosinga kan bli litt voldsom, men det går stort sett fint for seg.

onsdag 27. oktober 2010

Den fine lillebroren vår.


No er lillebror allereie ei og ei halv veke. Dagane går fort. Lillebror søv nesten heile tida. Så det er ein rolig kar å ha i huset. Jammen er det litt luksus med ein baby i forhold til to syns mamma og pappa. Sjølv om tvillingane var veldig rolige dei og når dei var babya. Vi skulle ønske lillebror kom med namn for vi kavar litt med å finne ut kva han skal heite. Men vi skal nok finne eit fint namn til han.

På badet på stellematta si.

Dei kule strikka sokkane som ser ut som fotballsko med strømper, desse fekk vi fra Magnhild på Stranda (tanta til Endre). Kjempekule syns vi!

 Blid og fornøgd på stellematta.

måndag 25. oktober 2010

Endelig kom lillebror!

Søndag 17.10 2010 var dagen da lillebror fann ut at han skulle kome. Og når han fyst skulle komme, så skjedde det i rakettfart! Ein stor fin lillebror blei født på Asker og Bærum sjukehus kl. 13.43.
 Mamma venter på at lillebror skal komme. Her er det ctg og registering.
 Fyste bilde av lillebror. Ein fin gut på 4350gram og 53 cm
 Nydusja og god.
 Mamma er glad for at lillebror endelig har komt ut :) Litt tullebilde
 Hurra for lillebror. Flagg må til på bursdagen! og søt liten bamse.
 Mandagsmorgen på sjukehuset.
 Titt titt her er eg!
 Pappa og lillebror venta på å kome inn på legesjekk.
 To stolte storebrora kom på besøk på mandagen.
 Dei fekk deilig sjokomelk med mamma.
 Sverre synst babyen var kjempe fin, og laga seg fin i stemma og kosa masse med han.
 Endelig skal vi heim. Tirsdagsmorgen.
 Vi fekk masse fine blomster! fra jobben til pappa, farmor, tante Ann Kristin og onkel Hogne, grand onkel Kjetil kom med flotte roser. Og mamma fekk raude roser fra gutane sine.
 Fyste trilletur!

Godt å ligge i vogna med det gode pleddet mamma har strikka.
Slappa av på sofaen

søndag 10. oktober 2010

Venting....

 
Sverre med stort skrujern! 
Vi har pussa opp badet vårt den siste tida. Nye skap og ikkje minst nytt badekar! Vi har berre hatt ein liten badestamp tidligare, men no skal det endelig bli skikkelig bading her i huset sei gutane. Vi har fått badekaret, men ikkje montert det heilt opp enda. Men når det kom måtte pappa skru på føter på det. Da var det bra at han har to sånne flinke guta til å hjelpe seg. Å er det noko dei forstår seg på så er det verktøy! Sverre hadde til og med passande genser denne dagen. Her er det skruing i gang!

 Full konsentrasjon med skrujern og drill!
 Emil er klar med ein skru.
 Vi måtte skru litt på senga til Emil også.

Vi går her og ventar på lillebror som skal kome. Emil kikar på magen, klappar på den og sei: "Kom kom baby." Har kika i navlen og lure på om det er der han er. Litt komisk. Vi må berre vente å sjå. Kan no ikkje vere lenge til han kjem no. Denne helga har det vore flotte haustfargar ute. Gutane fant flotte lønneblad som dei plukka.

 Emil i full fart med eit flott lønneblad.
 Sverre ved rundkjøringa, mange bussar og anna spennande å sjå på.
 Emil og mamma ruslar seg tur.
 Spennande på byggeplassen nedom oss der det er mange store maskiner.
 Mamma og Emil kikar på gravemaskiner.
Vi gikk i togundergangen. Gøy å rope der. Litt skummelt og for lyset var gåen.

fredag 1. oktober 2010

Mamma fekk nytt kamera til bursdagen sin :)

Her er prøvebilder eg har knipsa med det nye kameraet eg fekk til bursdagen min igår. For noken kjekke guta eg har som kjøpe so fin gave til meg altso :)


Deilig bursdagskake :)
 Sverre med smokken sin

 Emil med nye vintersko!

 Emil tegna 

Sverre bygge med lego