Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 12. juli 2009

2.-9.juli ei veke på Kreta


Tidlig tidlig på flytoget, vi hadde kjøpt oss slike paraplytriller i høve sydenturen vår. Ei lur invistering, for det hadde vore vanskelig med tvillingvogna.

Tidlig torsdagsmorgen sto vi opp og kom oss på flytoget. Faktisk måtte vi reise med toget som gikk 04.55, så denne dagen var det Endre som fekk vekke tvillingane ikkje omvendt. På Gardermoen gjekk det ganske radig med innsjekking og alt det så var det berre å sette seg på flyet og vente på å få lande i syden. Litt forsinkelsa blei det nedover med flyet, men det gjekk flott med gutane. Dei sov litt og var ellers i godt humør.


Begge gutta på fanget til pappa på flyet.


Vel framme på Stellina Royal som hotellet vårt heitte, kjøpte vi oss middag. Vi starta med ein gresk salat, Emil lure på å smake litt.


Sverre syns det var tryggast å ta eit mariekjeks.


Utsikta frå hotellrommet vårt, vi hadde stor og fin ballkong. Endre som tek eit kveldsbad der nede.


Fyste dagen vi var der, testa vi bassenget.Mykje spennadne å sjå på!


Hurra for badekar på hotelleiligheta vår! Det var supert synst gutane.

Etter å ha kika oss rundt på hotellområdet og i den lille gata som var der fann vi ut at neste dag skulle vi prøve oss på badestranda som låg rett nedom hotellet.



Gutane søv på stranda.


Når gutane søve kosar mamma og pappa seg med is.


Lunsj pause! Emil smaka pizza med mamma.

Bak hotellet var det eit stort beite med nokre saude i. Dei breka og sprang rundt der. Vi syns det såg ut som dei hadde lite mat, så vi kasta litt tort brød til dei. Dette var spennande synst Emil og Sverre.



Kveldstur i ei gate ved hotellet. Sverre sov godt.


Ei spesiell trapp på dette huset.

På ferie er det lov å skeie litt ut, derfor fekk gutane smake på bolle med nugatello eller kva det heite. Likna på nugatti. Dette var stas det!





Mandagen reiste vi til Chania på bytur. Vi tok ein lokalbuss fram og tilbake. Det var 3 km frå hotellet så det var ikkje så veldig langt. I byen var det masse å sjå på. Vi rusla nedover mot havna der det er flotte små resturantar og masse små butikkar. Mamma og pappa har vore her for 8 år sidan. Det var ikkje mykje som hadde forandra seg på desse åra.


Fruktpause i Chania by, akkurat på denne benken satt vi forrige gang vi var her og.


På havna var det mange hestevogner, nesten litt skummelt innimellom alle folka. Litt komisk med den lille hunden på ryggen på hesten her da.

Vi gjekk innom Zepos, ein resturant Apollo anbefalte. Her var det god servise og god mat.


Sverre fekk ein slik drinkpynt med ein av servitørane på Zepos.


Seinare på dagen stoppa vi på ein liten kafè for kaffi og bleieskift. Her kom ei gammal dame som fekk noken småmynt med oss, da song ho ein sang til oss. Emil var heilt fasinert av dette.



Etter ein bytur og mykje stillesitting i vogna var det spennande å sjå på leikene vi hadde på hotellrommet. Nokre nye hadde vi og kjøpt.

Tirsdagen reiste vi med bussen til Kalamaki, det var der vi bodde på hotell for 8 år sidan. Litt morsom å sjå gjen plassen. Ikkje mykje var forandra der heller. Vi var på stranda og kosa oss den dagen.


Hotellet vi bodde på for 8 år sidan, vi hadde da rommet på hjørnet som vi ser ballkongen på.


Ein gut hadde funne ein krabbe som han kom å viste til tvillingane. Spennande syns Sverre, som ville ta den.



Banan er bra!


Emil og mamma badar i sjøen. Med 26 grader i vatnet var det ikkje noke å klage på.

Vi åt på Kalamaki beach, der vi åt når vi var her sist. Litt mimring. Emil studera menyen.


Ventar på bussen. Farvel Kalamaki Beach!

Siste dagen var vi ved hotell bassenget.Kosa oss med bad og sol. Var flott skyggeplass der for gutane.



Bading er toppen. Vi kjøpte en slik båt, den syns Sverre var flott å sitte i. Emil likte best å plaske uten.



Sverre i båten

Mamma og gutane kosar seg i bassenget.

Siste dagen var det berre å pakke siste rest og kome seg avgårde. Vi reiste frå hotellet kl.10.25. På Chania flyplass var det laaaange køer på innsjekkinga. Men sidan vi reiste med tvillingane kom det ei hyggelig dame frå Apollo og sa vi fekk snike fram i køa. På flyet var vi så heldige at det ikkje var heilt fult, så vi fekk disponere to tre seterade. Greit når ein sov og ein trengte meir plass for å boltre seg. Turen heim gjekk flott.


Emil og pappa på flyet.



Hade sydenland!

Sverre sov godt på flyet heim. Greit å få ligge på eige sete da.

Emil har fått seg ein bolle på flyet.


Sverre syns det var kjekt å sitte på flysete åleine.








Ein super ferie seier Emil!!

Og vi er enige alle sammen!