Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 23. mars 2009

Søndagstur


Sverre kika på hundane på hundehjørnet
Søndag er turdagen vår. Og denne søndagen blei det rett so flott ver sjølv om det såg litt grått ut i starten. Det er enno ein del snø som ligg her, men den får heldigvis bresa seg no i sola. Vi gjekk i Frognerparken denne søndagen, slik at Fox fekk leike litt med andre hunda. Men når vi hadde komt dit fann vi ut at vi ville gå en lang tur idag. Så vi fortsatte til Majorstuen, der tok vi lunsj på Waynes Coffee.

Pappa, Sverre og Emil på kafè

Fox sit å ventar på at vi blir ferdig på kafè, han gleda seg til det blir varmare i veret og vi kan sitte ute ilag med han.

Vi gjekk vidare forbi Marienlyst og mot Ullevål sykehuset. Vi fann ut at vi ville gå til St.hanshaugen og parken der. Så vi rusla gjennom Geitemyrsveien og følte oss tilbake på gamle trakter. Var i dei områder vi bodde fyste gangen vi bodde i Oslo. Og Endre bodde i kollektiv på St.hanshaugen. I parken møtte vi onkel Hogne og "onkel" Oddbjørn. Dei skulle på visning på ei leilighet så vi blei med på det. Etter visninga blei vi med på besøk til onkel.

"onkel" Oddbjørn, pappa med Sverre og onkel Hogne med Emil kika på legoen med onkel. Litt spesielt at den er på veggen.

Ein fin søndagstur.

Ingen kommentarer: