Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 17. mars 2009

Besøk av onkel Jørn Ole 27.02-01.03


Onkel Jørn og Sverre slappar av

Endelig fekk vi besøk av onkel Jørn Ole. Han har skulla besøkt oss for lenge sia, men så har det ikkje klaffa slik. Han kom med nattbussen og var med oss fredagsmorgen.

Fredagen tok vi turen opp til Årvoll og besøkte Gunn Jorid og guttane hennar. Der såg vi skistafett og fekk god lunsj. Tvillingane Sivert og Sondre hadde vokse masse sidan sist vi såg dei. Emil og Sverre syns det var spennande å sjå på leikene deira når vi var der.


Sverre underheld Sivert og Sondre

Sverre, Emil, Sondre og Sivert kosar seg på golvet.

Fredagskvelden var Jørn og Endre på kino. Laurdagen var vi på bytur. Det blei ein del klede på onkel Jørn. Om kvelden slappa vi av med ein film og pizza heime.

Søndagen reiste onkel Jørn, Emil, Sverre og Olianne på fly opp til Ørsta. Der blei vi henta av morfar Bernt. No skulle vi vere på Viddal i 10 dagar på besøk.

Ingen kommentarer: