Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 29. mai 2011

Tur i marka

Vi ville ta oss en søndagstur idag, noko dårlige vermeldingar var det. Men vi fann ut at vi ville ta t-bana til Frognerseter og rusle oss ein plass derifrå. Som tenkt så gjort. Mamma smurte niste og pakka nødvendige ting i stelleveska, som kvikklunsj og bleier. Det er ein lang t-banetur heilt opp til Frognerseter, så nista blei eten på t-bana. Framme på Frognerseter fann vi ut at vi ville gå til Holmenkollen og sjå hoppbakken, vi har ikkje sett den nye bakken. På vei nedover måtte Emil, Sverre og pappa kike litt innover i skogen for å sjå etter ulv og bjørn.
 Ulven , ulven er du her??? Ingen ulv å sjå, berre masse maur.
 Det var ein kald vind idag, men Jetmund satt god og varm i vogna si. Mamma hadde hatt på fottrekket og, så då var det berre å kose seg å kike seg rundt.
Litt lenger nedover kom vi til ein barnehage, der var det gøy å springe og prøve båten, bilen, sklier og plaske i sølepyttar. Jetmund fekk seg mat og vi var klar for neste etappe.
Fin båt syns gutta!
 Pappa måtte sitte på, Emil styrte og Sverre klatra.
Vi rusla vidare i skogen. Såg litt på løypene der dei hadde ski-vm. Bratte bakkar! Vi ropte meir etter ulven og samla masse pinnar. Vi åt kvikklunsj so det seg hør og bør på tur. Såg noken som sykla veldig fort nedover gjennom skogen! Så kom vi ned til det nye Holmenkollanlegget. Først stoppa vi og såg på Midtstubakken før vi kom til sjølve Holmenkollen.
 Stor hoppbakke, som Sverre sa han skal hoppe på ski i når han blir stor.
Vi såg at det kom ei skikkelig regnbyge og fann ut at vi skulle kome oss på t-bana igjen. Og akkurat i det vi kom under tak sette det igang den byga! Alle tre gutane sovna og sov heile veien heim. Heime var det tid for leiking med traktor og eting av kveldsmat. Så var det badetid. Og alle tre fekk bade seg ilag! Kjempe stas!

torsdag 26. mai 2011

Vassfaret Bjørnepark i Flå

Laurdagsmorgen var vi tidlig oppe og kl.8.00 var vi ferdig med frokost og alt og lurte på kva vi skulle finne på denne dagen. Då kom pappa med ideen om at idag skulle vi reise til Bjørneparken. Vi har snakka om å ta turen, men ikkje bestemt oss for dsag. Men idag passa det bra! Vi pakka litt utstyr som trengst når ein er på tur med tre små. Og satte oss i bilen og kjørte til Flå. Det tok ganske nøyaktig to timar. Vi kom fram i god tid til mating av bjørnanen og fekk med oss det. Dei fekk elgkjøtt og epler. Elgkjøttet var frå ein elg som hadde blitt påkjørt ikkje så langt unna parken. Etter å ha sett kor bjørnane momsa i seg maten rusla vi rundt i parken. Vi såg elg, hjort, piggsvin, kanin, sau, geit, høner med små kyllingar og hengepuksvin. Der var ulv også, men den såg vi ikkje. Den er litt meir sky av seg og var sikkert inne i skogen en plass. Det var store innhegningar til alle dyra. Når mamma sa at ulven sikkert var inne i skogen til gutta sa Sverre: "Ja den ligge sikkert med stor mage og har vondt i magen".(Vi har nettopp lest eventyret om Ulven som åt geitekillingane.)  Parken var kjempe flott for store og små. Fint å springe rundt, og greit å trille med vogn. Vi kjøpte oss vafler, saft og kaffi. Jetmund fekk ein liten bjørnebamse.  Vi stoppa på kjøpesenteret som var nytt rett nedanfor parken, der var vi på kafe og kjøpte oss middag. Elgburgera til mamma og pappa og pannekaker til gutta. Jetmund fekk graut. Så kjørte vi heim og var vel fornøgde med dagen!
Anbefala alle som kan å ta turen til : Bjørneparken 
Bilder frå dagen:
 Emil og Sverre er klar for å sjå bjørnen
 Akkurat i det vi kom opp til bjørnane, mammaen og 4 ungar, var det en unge som hadde vore rampete og mammen jaga den oppi ett tre. Mammaen var sint og brumma og ungen var redd og peip. Ganske spennande for oss å sjå. Vi blei imponert over kor fort dei klatra opp i treet!
Ganske redd den lille bjørnen no ja.
 Pappa og gutta følger med

 Bjørnemammaen og to av ungane sitter klar for å få mat.
 Plutselig såg vi ein stor bjørn lenger nede i skogen. Det var en av dei to bjørnebrorane som bodde i ett anna bjørnegjerde. Dei var i ungdosmalderen og litt meir viltre av seg.
 I den tredje bjørneinnhegninga var det eit par: Rugg og Nora.
 Her ser vi elgen!
 Bak gjerdet tår ein stor elg og ete mat.
 Vi gikk forbi bjørnane igjen og Emil ropar: SJÅ SJÅ bebibjørnane får pupp!! Og det var heilt sant.
 Sverre syns det var spennande å springe i skogen.
 Emil og mamma kosar seg med kaffi og vafler, JEtmund måtte få litt mat han og.
 Høner og hanar og små kyllingar som satt under vingene til mammaen sin.
 Etter å ha ete masse elgkjøt tok Rugg seg ein middagskvil. Låg å snorka her. Han var ein stor bjørn på rundt 350kg.
 Her ligger Nora og søv ein middagslur, vi gikk på ei bru som gikk litt over ho. Vi måtte liste oss for bjørnen sover, bjørnen sover.....
Jetmund syns det var gøy å sitte i vogna og sjå på dyra.
 Blide og kjekke lillebror!
 Mamma, Emil og Sverre gikk inn til sauene og klappa dei.
Ett lite lam som ville ha litt kos.

måndag 23. mai 2011

17.mai 2011

Vi sto opp tidlig på 17.mai. Vi ville få med oss flaggheising, korps og korsang på Skøyen skole kl.08.00. Og jammen var vi på plass på skulen fem på åtte og fekk med oss alt sammen. Mamma fekk snakka med nokre gode kollegaer også. Ein flott start på dagen. Vi var i god stemning allereie og ville ta turen til byen for å få med oss litt av livet der. Vi gjekk gjennom frognerparken og tok t-banen frå majorstua. Der fekk vi med oss majorstua skule og korps marsjere ut frå skulen sin.
Emil i full fart i frognerparken
 
Emil
 
 
 
Sverre sprang så jakka datt av!
 
 Mamma og gutta i parken

Ved hovedingangen til Vigelandsparken
 Gutta var slitne etter å ha vore i full fart i parken, greit at pappa hadde med vogn til dei!
 Her kjem Majorstua marsjerande!
Vi ruslar vidare mot t-bana
 Litt trangt i byen idag syns Sverre, som helst ville springe rundt sjølv
 Men så var det litt gøy og!
Emil får sitte på skuldra for å sjå toget
Mamma løftar begge gutta for å sjå på toget. Emil tutar!!
 
Han mannen i hjørnet her utbraut: Å MAMMA MIA! når mamma løfta opp begge gutta :)
 Politihestane fremst i barnetoget
Ordføraren såg fornøgde ut

Etter å ha sett på toget ei stund var det på tide å få seg is. Vi hadde fylt opp frysern heime med is, så vi susa oss heim før å få oss køfri is. Vi kjørte det ekte toget som Emil sa og var heime på null komma svisj. Vi inviterte Tilde med familien og. Dei var og i byen , men syns det var greit med køfri is dei og. Så dei kom innom før dei reiste vidare for å feire med slektningar. Vi var heime og åt is, pølse, kaker og leika oss ute.
Emil, Sverre, Jetmund og Thale
 Fin pynta lillebror!
 Tilde og Emil spela på 17.mai fløyter
 Hipp hurra for 17.mai!
 Emil på hoppehunden sin, går ann å hoppe inne og syns Emil
 KAKE!!

 Glad lillebror
 Fleire kakemomsar!
 Emil har sneke seg ut i bleia for å spade litt..
Emil og Sverre gjorde som dei kongelige ofte gjer på 17.mai. Startar dagen i bunad, og skiftar til andre fin klede ut på dagen. På ettermiddagen gjekk vi opp på Skøyen skule gjen for å få med oss det som skjedde der. Der var det kafe, lotteri, leikar og morro. Vi kjøpte is og kosa oss i fint ver. Traff nokre kjende og.
 Emil på vei til skulen
 God kvilestein dette
 17.mai fattern!
 Gutta inspisera området på skulen

 KOM PAPPA!!!
Spennadne med klatrestativet!
Emil og Kaia frå barnehagen

I det vi gikk heim begynte det å regne littegrann og når vi kom inn kom det ei skikkelig tordenbyge! Så der hadde vi flaks! Vi var glade og fornøgde etter ein flott 17.mai. To guttar som sovna raskt i senga si kan du sei denne kvelden.