Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 9. august 2011

Sommarferien vår!

Vi har hatt lang ferie, som no er på hell. I går begynte Emil og Sverre på storbarnsavdelinga. Trur dei syns det var kjekt å kome til barnehagen igjen. Dei fekk ein kort dag igår og det skulle det vere idag og, men det var så gøy når mamma kom for å hente dei at mamma måtte vere der litt å sjå på alle dei kule leikene dei har på storebarnsavdelinga. Godt at dei trives iallefall!


Vi starta ferien vår med å reise til sunnmøre, vi bodde på Viddal med mormor og morfar. Vi reiste turar derifrå. Vi var der i tre veker. Og fekk oppleve mykje på godt og vondt. Det føltest trygt å vere der når Oslo blei ramma av terrorangrep og alt det utenkelige skjedde her. Men vi fekk og oppleve eit brått dødsfall i bygda. Så ein kan aldri vite kva som skjer kor ein enn er.


Men vi hadde mest moro da. Vi var i Ålesund på båtfestival og Atlanterhavsparken, vi var å leita etter krabbar i fjøra, vi var i Olden og stryn på shopping, vi var på Hustadneset, vi var i Ørsta og besøkte Ronny og Marie Helen med familie, vi var på Sætre og rydda og styra, vi kjørte traktor og tankbil, vi bada i plaskebasseng og mykje meir! Her er nokre bilder av det vi gjorde:

 Is med mormor! Isbilen kom første veka vi var på besøk, så vi hamstra inn masse is!
 Svele og kaffi i sola på Sætre. Svele må til til arbeidskara!
 Tante Randi og onkel Yngve har fått seg is i Ålesund!
 Mating i store akvariumet på Atlanterhavsparken, Emil og mamma.
 Titt titt!
 Pappa og gutta på fisketur i bakkedalen
 Jetmund og Anna-Sofie lika å kike i glaset!
 Gutta og dei tre bukkane bruse som er i beite på Sætre
 Emil kasta stor stein!
 Emil og pappa på båttur med onkel Anders
 Anna-Sofie og Jetmund
 Gråtass trøtraktor på besøk med Ronny og Marie Helen
 Fadder Ronny og Jetmund
 Fått seg arbeidsdressa!
Emil badar på verandaen til mormor
 Med morfar i Bakkedalen med tankbilen!
 HJELP morfar kastar Emil i melketanken i Sledalen!
Sverre og bli slengt opp!!
 Tante Sølvi finn krabba!
 Tålmodig gjeng: Anna-Sofie, Jetmund og Flink
 Fox badar
 Tante Sølvi  og Emil i Stryn
 Tante Olianne og Anna-Sofie
 Morfar fekk laks i Bjørkeelva
 Fox blei klipt
 Mormor og Emil har vore å sett på geiter
 Matpause på strynefjellet på vei heim
 Fast stopp på Sjoa og grave litt