Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 11. desember 2008

krypetrening


Emil er svært ivrig på å ligge på magen no, ser han kavar med hender og føter. Men han har ikkje heilt forstått kor han skal koordinere dei.

onsdag 10. desember 2008

Store guta!

Vi veks og veks og blir stadig flinkare til å rulle og styre oss. No likar vi godt å ligge på golvet å styre med leikene vi har. Av og til må mamma hente oss opp frå golvet, vi rulla og rulla oss utom leiketeppet vårt.



Av og til rulla vi oss heilt sammen, då må mamma hjelpe oss litt ellers blir det hyl og skrik når vi får en fot i nasa.




Sverre syns det er morro å vere stor gut som sitte i sofaen med mamma



Emil storkosa seg i sofaen



Vi syns det er fint å bo i fyste etasje, då kan vi sove ute i vogna på verandaen vår. Fox sit som oftast i kjettingen og passa på oss. Og mamma ser oss godt frå både stove og kjøkenglas.

fredag 5. desember 2008

Ei tann! 4.desember 2008

No titta det fram ei lita tann med Emil, han har hatt litt feber og vore urolig i magen noken daga og no fekk vi sjå kva det var han kava med. Då passa det bra at farmor kom innom idag med nye biteleiker til oss. Dei var populære.

Emil studera den nye biteleika


Sverre med den nye biteleika si

Emil øva og øva seg på å krype. Idag var han nesten opp i kneståande (hadde en videosnutt av det, men fekk ikkje lagt den ut for den var for stor). Sverre og Fox tek den meir avslappande stilen. Ute snøva det lett, så no er det begynt å bli julestemning.


Emil i god trening

Sverre måtte ha en liten kvil i all treninga, sovna på leiketeppe han.

onsdag 3. desember 2008

Bilder til årets julekort

Då var det på tide å prøve å få til eit julekort. Vi hadde en liten fotografering for oss ein dag. Så er det berre å vente å sjå kva for eit som dukkar opp i posten.



















Som du ser var det en del tull og tøys med oss og. God stemning!

tysdag 2. desember 2008

Graut for fyste gong


"Ka vi skal no da mamma?"

Tirsdag 25.november fekk gutane smake litt graut for fyste gong. Dei har no vore svært so fornøgde med det mamma har tilbydd dei, men vi begynte so smått med graut no. Ikkje so lett å forstå seg på denne grauten. Fyste gongen va det mykje smatting, dagane etter var det ikkje so mykje som gjekk inn. Vi prøvde fyst med maisgraut. Det var ikkje so populært. Men no har vi prøvd risgrauten og den var litt bedre.

Sverre smaka litt

"Hmmm ditte va rart" Emil med sin første smak

I helga blei det sving på skeia, då kom nemlig pappsen med grautskåla. Då smatta gutane i seg litt meir. Var litt meir stas å få graut med pappa tydligvis. Enda meir stas var det å få holde kvar si skei med litt graut på. Vi trenar vidare på grauting!


"Hurra! Graut med pappa e gøy"


Emil


Fox blei vel nysgjerrig på smattinga i stolane her


MMMmmm smatte på skeia var gøy


Sverre med skeia si