Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 30. oktober 2008

Første trilletur i snø.

Onsdag 29.10.08
Vi vakna til en forsmak på vinteren denne dagen. Snø snø snø. Fox var heilt galen og sprang tulling i snøen. Eg var spent på kor det va å trille i snø med vogna, det var ikkje brøyta noken plass, men med dei store og gode hjula var det ikkje noko problem. Ei god vogn på alle føre dette.





Godt og varmt inne i vogna idag.

Etter å ha trilla en lang tur var det deilig å kome inn å varme seg, for mamma og Fox iallefall. Gutane var gode og varme i vogna, der dei sov godt på lammeskinna sine.






Kjekt å leike på golvet



No syns gutane at det er kjempe morsomt å ligge å sjå på kvarandre. Då ler dei og "snakka" med kvarandre. Skikkelig artig å høre på dei. Dei har og blitt veldig flinke å ligge på magen.


Sverre og Emil


Eg og Sverre var på badet en tur, når vi kom på stova gjen hadde Emil komen heilt under salongbordet. No er det ikkje lenge før dei klare å snu frå rygg til mage heller.


Emil under bordet

tysdag 28. oktober 2008

Besøk hos onkel Hogne 26.10.08

Søndag 26.10.08 blei vi invitert på middag hos onkel Hogne. Det var eit nydlig ver denne dagen så vi bestemte oss for å trille til onkel. Vi rusla frå Skøyen til St.haugen. Fox var sjølvsagt med. Gutta sov heile veien. Onkel og tante hadde laga deilig lammelår med masse godt tilbehør. Dessert laga dei og, deilig sjokoladekake med is, mmmmm. Farmor kom og på middag, og Oddbjørn som bor sammen med onkel var der og. Dei voksne kosa seg med den gode maten, og litt kosing med dei to små gutta blei det og. Ein trivlig ettermiddag.




Tante Ann Kristin og gutta kosar seg på golvet.


Onkel Hogne og Emil pønskar ut rampestrekar.



Tante og Sverre slappa av i sofaen.


Pappa og "onkel" Oddbjørn slappar av med avisa etter middag.

måndag 27. oktober 2008

Ny smokketrend?


Sverre med smokken på snei.


Emil med smokken.

I det siste har gutane begynt med noke nytt. Dei har underleppa over smokken, ser ikkje så behaglig ut. Men slik er altso smokketrenden i dag :)

laurdag 25. oktober 2008

Besøk med farmor laurdag 25.10.08



Emil og Sverre


Vi var på besøk med farmor denne laurdagen. Ho laga deilige vafler til oss. Gutane låg på govet og kosa seg medan vi voksne kosa oss med vafler. Farmor las til Sverre frå den koselige barneregler og rim boka si.


Farmor og Sverre har ei lita lesestund






Emil kosar seg på ullteppet



Sverre på ullteppet sitt.




Trilletur fredag 24.10.08


Emil i vogna.

Det har vore ett fantastisk flott ver i det siste. Mamma, gutane og Fox har vore på flotte trilletura på Bygdøy kvar dag. Gutane søv godt i vogna, spesielt godt i dei gode fleecedressane som vi fekk frå Ronny, Marie Helen, Kevin og Mathilde. Og Fox jagar kråker på kongens markar. No ser det ut som hausten er her for godt, så då blir det nok litt kjøligare å gå tur.



Sverre i vogna, klar for tur.


Fox er klar for tur.

laurdag 18. oktober 2008

Filmsnutter

Her er noken små filmsnutta som er tatt opp med mobilen.

Emil i storform:


Sverre kosar seg i vippestolen sin:


Emil med den morsomme nye rangla vår:

onsdag 15. oktober 2008

Kvardagsglimt i oktober 2008


Farmor forteller sikkert noke spennande frå Barcelona turen sin. Sverre smiler og ler godt iallefall.


Farmor og Sverre


Sverre Alexander på stellebordet

Emil Kristoffer på stellebordet


Det var litt trangt med to so store gutta på leiketeppet
Sverre t.v og Emil t.h

"BADING E KJEKT"


Emil i storform i badebøtta


Sverre likar og å bade seg.


Hihi pappa har tøysa og laga hår og skjegg av badeskummet.

måndag 13. oktober 2008

Trilletur i nydelig haustver 12.10.08


Titt titt Emil! Han kosar seg i vogna


Fox likar seg i Frognerparken

Var flott ver å trille tur i denne helga, så vi kosa oss ute på tur både laurdagen og søndagen.

søndag 12. oktober 2008

Babysvømming

Vi har sidan august vore med på babysvømming, kvar torsdag har vi vore på Majorstuen Skole. Torsdag 9.oktober var siste gang. Gutane kosa seg i det varme vatnet.


No er vi klare for å plumpe i vatnet her. Emil tek den litt avslappa stilen.

Mamma og Emil

Pappa og Sverre


Heile familien! Olianne med Emil og Endre med Sverre

Besøk av tante Randi!!


Vi fekk besøk av Randi, ho kom mandag 6. oktober og var her heilt til fredagen 10.oktober. Vi kosa oss med trilleturar, shopping, gode middagar og masse is :)
Fredag kom Yngve innom og var her ei stund før han og Randi kjørte oppover mot ørsta gjen.

Tante Randi med Sverre og onkel Yngve med Emil