Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

laurdag 25. april 2009

Nye huer og dressar!



Våren er komen, og det er på sin plass med vårdress og huer.


Deilig å ligge i dress på skinna sine, Sverre sovna med ein gong.


Kjekt å sitte oppe å sjå syns Sverre


Emil i storform på tur

Badeglede


Bading er toppen!

onsdag 22. april 2009

Rampestrekar

Vi var ganske enige om at det var lurt å plukke maten til Fox utover på golvet.. Etter å ha gjort det kraup vi på gangen og henta dei nye crocsa til mamma, dei er nemlig so gode å gnage på.....




tysdag 21. april 2009

Nye solhattar!


Sverre Alexander med ny solhatt


Emil Kristoffer med sin nye solhatt.

No kan sommaren berre kome!!

fredag 17. april 2009



Kavring er godt syns Sverre


Kveldsstemning med oss. Grauten er oppeten og vi knaska litt kavring, herja med flaska og ler

onsdag 15. april 2009

Påskeferie


I år blei det bypåske på oss. Vi hadde plana om å få pussa opp og ordna soveromma her, slik at gutta boys skulle få sitt eget rom. No blei vi ikkje heilt ferdig med det da. Det viste seg nemleg at det var litt eir arbeid i det enn vi håpte. Vi må nemleg legge litt parkett og sparkle en heil del meir enn antatt pga en lettvegg som vi tok ned. Men det blir bra når det blir ferdig. Akkurat no er det veldig trangt på rommet vårt, med dobbelseng, køyeseng og to barnesenga. Sikkert mange som bor slik, men vi er no glad det ikkje er så trangt med oss :)

Påskeveka starta bra med flott ver og guta som var i fin form. Mandagen reiste tante Sølvi heim og vi gjor egentlig ikkje så mykje. Trilla oss en tur på Maxbo og kjøpte maling til rommet vårt.


Emil og Sverre leika seg med leikekassa si, det nye med Emil er å bære ting i munnen. Noko han har plukka opp av Fox? Denne fuglene er spesielt populær med han.


Tirsdag var det eit fantastisk vårver. Og vi gjekk flott tur i parken ilag med Gunn Jorid og gutane. Etter turen blei dei med til oss ei stund. Morsomt å sjå på gutane som er tremenningar kor dei susa rundt på golvet her.

Sivert og Sondre lånar stolane våre.

Onsdag prøvde vi oss med fiskebollar til middag, noko som ikkje var så veldig populært for alle. Men etter litt åt vi ganske mykje av det.

Brrr ka e det dokke gir mej???


hmm..ikkje so verst ditte...

Begge gutane har no gått på pencilin for streptokokkar, noko som resulterte i ei litt kjedlig hending:
Natt til torsdag var ikkje så kjekk for Sverre, det starta med oppkast om kvelden og utarta seg vidare med både oppkast og skikkelig diare. Vi skifta pysjamas tre gangar og sengeklede. Til slutt var Sverre heilt gåen og sov i sitt eige oppkast, fryktelig å sjå på. Diareen fortsatte utover dagen og jammen braka det laust med Emil og. Det blei harde påskedaga for mamma og pappa dette, alle bleieskift enda i full skifte av klede. Heldigvis hadde det vore en mann å reparert vaskemaskina vår onsdagen før påskedagane starta.


Deilig å lufte seg litt



Fredag trilla vi tur til byen på ett apotek som er ope heile tida. Vi kjøpte idoform til gutane. På vei dit kjøpte vi oss softis. Var god plass på kafèen no i påska, tydlig at mange var på påskefjellet ja.

Kosestund med mammsen høre med når en ikkje e heilt i form.

Siste dagane i ferien gjekk det i ett med diarè og pussing på rommet. Like greit at vi ikkje skulle nokon plass denne påska, med alt det styre med gutane.

torsdag 9. april 2009

Tante Sølvi på besøk, 3.april-6.april 2009

Fredagsmorgen skulle tante komme på besøk, men desverre forsov ho seg til flyet så ho kom ein del seinare enn ho hadde tenkt. Men kjekt når ho kom :) Fredagen kosa vi oss med trilletur.




Tante Sølvi og Sverre


Tante Sølvi og Emil

Laurdag var mamma og tante på brudekjole shopping. Tante prøvde mange fine kjolar. Det blei litt anna shopping og. Tante kjøpte gøye leiker til gutane, som har vore veldig populære! Etter en lang dag på byen var det godt å kome heim å ta det med ro om kvelden.

Søndagen var det flott ver, så vi gjekk ein fin trilletur. Og etter turen tok vi oss kaffi og kake på Bocata kafèen rett nedom oss. Sola varma godt, men jammen var det kaldt i skyggen.
Når vi kom heim fann vi fram solstolane og satt litt ute og kosa oss.


Tante Sølvi, Fox og pappa kosar seg på utekafè etter ein fin søndagstur


Fyste dagen ute på terrassen, tante Sølvi nyt sola.


Gutane fekk ut stolane sine so dei fekk sitte ilag med oss. Sverre og Emil.

Mandagsmorgenen reiste tante Sølvi heim på formiddagsflyet. Kjekt med besøk :)