Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 30. mars 2009

Ein dag på sjukehus! torsdag 26.mars 09

Emil har surkla og vore tett no ei stund, og frå mandag og utover veka blei det berre verre og verre. Torsdagsmorgen hadde han ganske høg feber og ville ikkje ete. Eg ringde fastlegen og fekk kome dit ganske kjapt. Vi trilla oss bort på legekontoret for det eg trudde skulle bli en rask afære med resept på medisin. Men legen syns han var så tett at ho ville sende oss på sjukehuset for å teste om det er RS-virus. SJUKEHUS tenkte eg...er det så alvorlig..overnatte der og kanskje?? Ja ja vi trilla på bussen og susa opp på Ullevål universitetssjukehus. Der blei vi møtt av ei hyggelig sjukepleier. No vart det tatt prøver av snørr, slim, oksygenopptak i kroppen og blodprøver. I det pleieren spør om Emil drikk noko svara han med å tisse utover heile vekta og undersøkelsesbenken, og mammaen sin da. (Som ikkje hadde med noke skift) Det var mange låke prøver dette syns Emil. Då var det godt at Sverre var med å held han med selskap.


Denne garasja var morsom, med knappar med lyd. God å ha i all ventinga.


Vi blei flytta frå undersøkelserommet til ett rom vi skulle vente på. Og vente fekk vi gjere. Vi kom på sjukehuset i 11:30 tida. Og mesteparten av dagen blei det venting. Emil måtte puste i ei maske med astma medisin, det brukar dei på slike tette små gutta.

Kl.12:30 fekk eg meg middag(fiskekaker i brun saus, noke av det verste eg veit....brun saus passar ikkje på fiskekaker ) på sjukehuset og då forstod eg at dette kjem til å ta dagen. Eg er glad eg fekk ha med meg vogna på rommet å legge dei i. Emil hadde feber og var slapp så han sov mange smådubbar. Sikkert det beste for han.

En febersjuk liten gut i vogna si

kl 13.30 Emil får si andre dose med medisin i slik pustemaskin. No var det eg som fekk halde maska, for pleieren sa at vi mest sannsynlig fekk med oss ei slik maskin heim, så lurt å prøve det. Sverre blei med pleieren på vaktrommet på sjarmørrunde. Han var i storform denne dagen.
kl.14.00 fekk Emil enda ei dose medisin, en annen type denne gangen. No meinte pleieren at han var så fin i pusten at vi sikkert får reise heim snart med ei slik maskin. JIPPI tenkte eg.

Kl 16.12 ny pleier kjem inn og vimsa litt. Eg sei at Emil har feber og lure på om ho har noke dempande til han. Vi måler feberen og den er godt over 40. Han får flytande paracet og sovnar godt i vogna. Når Emil våknar no er han super pigg. Han kryp rundt og leikar med Sverre. No begynner eg å bli lei av venting.

VI VIL HEIM! Emil og Sverre bankar på døra på rommet vi var på.


Endelig kjem Endre til oss i 18- tida. Gutane blei glad for å sjå pappaen sin. Det blei eg og, og glad for sjokoladen han hadde med, for eg hadde ikkje ete noko sidan middag. Eg gjekk og fekk tak i graut til gutane, og Sverre var svært trøtt og lei no. ENDELIG kom legen og skulle sjå om vi skulle overnatte eller ikkje. Og legen sei berre ganske enkelt:Dere trenger ikke vere på sykehus med denne gutten....den beskjeden kunne vi nok fått noken timar før? Vi fekk med ei maskin og diverse papir. Og endelig kl. 20 var vi heime.


Mamma og Emil med pustemaska, ikkje så kjekt dette. Men Emil var veldig flink!


Ikkje kjekt dette her. Må ej da pappa??

Pappa og må prøve denne fæle maska litt. Då var det ikkje så grusomt lenger.


Emil blei fort bra med den maskina. Men neste dag var det Sverre som var utslått av høg feber.
Då var det godt å kvile på fanget til pappa:

Litt kvardagsglimt frå oss mars 09

Her er nokre bilder av gutane frå den siste tida:

laurdag 28. mars 2009

Tante Randi på vei til Riga


Fox og Randi



Tante Randi og to veninne skulle til Riga på jentetur, då fann Randi ut at ho skulle kome ned til oss ett par dager før dei reiste. Det syns vi var kjekt. Berre så dumt at Emil blei skikkelig sjuk når ho var her. Tante Randi kom mandagen midt på dag. Vi rusla oss en trilletur på Majorstuen i det nydlige vårveret.

God å få litt kos med tante når en ikkje er heilt i form, Sverre prøva å ta koppen sin.

Tirsdagen gjekk vi lang trilletur i ett fantastisk vårver, litt shopping blei det og på turen. Etter turen kosa vi oss heime, Emil begynte å bli enda dårligare og ville berre kose med tante og mamma.


Årets fyste soft is på Maxbokafèen

Onsdag gjekk vi på trilletur til Maxbo, der vi såg på tapet og maling. Mamma skal nemnlig pusse opp litt på soverommet i påska. Men det blir nok ikkje tapetisering, trur eg får halde meg til maling :) Vi trilla innom jobben til farmor på veien og helste på ho. Tante reiste på ettermiddagen, klar for Riga, spa, shopping og champagne ilag med veninnene sine.


Emil kosar seg med tante

måndag 23. mars 2009

Søndagstur


Sverre kika på hundane på hundehjørnet
Søndag er turdagen vår. Og denne søndagen blei det rett so flott ver sjølv om det såg litt grått ut i starten. Det er enno ein del snø som ligg her, men den får heldigvis bresa seg no i sola. Vi gjekk i Frognerparken denne søndagen, slik at Fox fekk leike litt med andre hunda. Men når vi hadde komt dit fann vi ut at vi ville gå en lang tur idag. Så vi fortsatte til Majorstuen, der tok vi lunsj på Waynes Coffee.

Pappa, Sverre og Emil på kafè

Fox sit å ventar på at vi blir ferdig på kafè, han gleda seg til det blir varmare i veret og vi kan sitte ute ilag med han.

Vi gjekk vidare forbi Marienlyst og mot Ullevål sykehuset. Vi fann ut at vi ville gå til St.hanshaugen og parken der. Så vi rusla gjennom Geitemyrsveien og følte oss tilbake på gamle trakter. Var i dei områder vi bodde fyste gangen vi bodde i Oslo. Og Endre bodde i kollektiv på St.hanshaugen. I parken møtte vi onkel Hogne og "onkel" Oddbjørn. Dei skulle på visning på ei leilighet så vi blei med på det. Etter visninga blei vi med på besøk til onkel.

"onkel" Oddbjørn, pappa med Sverre og onkel Hogne med Emil kika på legoen med onkel. Litt spesielt at den er på veggen.

Ein fin søndagstur.

Fyste rampestrek

No har gutane gjort sin skikkelige fyste rampestrek. På videosnutten ser de kor dei herja litt med støvsugaren. Rett etter at eg slutta å filme og snudde ryggen til i noken sekund, hadde dei fått opp støvsugaren og drog ut posen som var full av støv og hundehår. Det såg ikkje ut. Då var dei fornøgde da!
Sverre syns det er morsomt å kike ut glaset, og ekstra morsomt blei det når Fox plutselig kika inn på han.

Mormor på bytur 10.-15.mars


Sverre, mormor og Emil



Etter at vi var på besøk med mormor og morfar, blei mormor med nedgjen til Oslo ilag med oss. Med vogna på biltaket kjørte vi på flyplassen tirsdagsmorgen. Flyturen gjekk fint.

Vi kosa oss med mormor på besøk. Onsdagen skulle vi egentlig besøke ei skuleveninne av mormor, men ho hadde blitt sjuk så det måtte vi avlyse. Så den dagen gjekk vi lang tur. Frå Skøyen til slottet. Vi gjekk om majorstuen og ned heile Bogstadveien. Fox kosa seg på turen. Vi stoppa på "Olivia" og åt fin lunsj ute i vårsola. Skikkelig flott ver var det. Vidare gjekk vi ned til slottet, der var det akkurat vaktskifte så vi fekk sjå på. Dette syns Fox var litt skummelt så han måtte bjeffe litt. Vi rusla vidare til Nationaltheateret og tok toget tilbake til Skøyen.


Gøy å bade med mormor!

Torsdag rusla vi oss en tur her på Skøyen. Vi tok oss en kaffi på Samson bakeriet på Sjølyst. Der prøvde vi oss på litt tipping og, men vi klarte ikkje å prikke inn 12 rette denne gangen.

Mormor oppslukt av tippekupongen.

Litt seinare på dagen begynte det å snø noke voldsomt, men vi tok likevel turen til Holmenkollen og besøkte Eli Hole. Det var skikkelig vinter der oppe. Så vi kava litt med vogna. Vi tok T-banen opp. Vi fekk pai og salat, og deilig kringle med Eli.


Mormor med Emil og Eli med Sverre
Om kvelden reiste mamma og pappa på Ikea og skulle finne ett skap som vi skal ha til Tv benk. No må nemlig alt opp i høgda her for gutta har blitt so voldsomme å reise seg opp. Mormor var barnevakt, og jammen sov gutane heile stunda vi var vekke.

Fredagen var vi heime og tok det med ro. På kvelden var mamma, mormor og farmor på kino og såg "Menn som hater kvinner". Pappa og gutta styra seg heime. Det gjekk greit og når mamma og mormor kom heim låg begge gutta og sov søtt i sengane sine.

Laurdag var det shoppingdag for damene. Dagen starta litt dramatisk for Fox og mamma, dei mista nemlig fotballen til Fox i elva. Men den har heldigvis komt til rette no.
Mamma og mormor reiste på bytur og var på mange butikkar. Det blei og ett treff med Aud på kafè, ho som vi egentlig skulle besøke onsdagen. Når vi kom heim var onkel Hogne og tante Ann Kristin komt på besøk. Dei var i sving med å montere opp ikea skapet som vi hadde kjøpt. Vi laga deilig middag ilag og såg på tv om kvelden.

Emil og Sverre måtte og hjelpe til med montering av skap.


Slik blei ikea møbelet vårt til slutt. (bildet er tatt med mobil så ikkje så god kvalitet.)


Søndag reiste mormor heim til Viddal, med splitter ny raud koffert som ho hadde kjøpt seg. Kjekt med besøk. Håpe ho og morfar kjem snart igjen.

fredag 20. mars 2009

Ti dagar med mormor og morfar (1.-10.mars 09)


Sverre, mormor og Emil kosar seg i godstolen.

Vi kom til Viddal på søndagskvelden. Morfar henta oss på flyplassen, tante Sølvi kom og til flyplassen og tok med vogna vår i bilen sin. Så susa vi heim til mormor og tante Randi, som og var på besøk. Tante Randi var sjuk, og vi blei sjuke etter noken dagar. Det var kjedelig. Gutane vart skikkelig forkjøla. Og mamma hadde feber. Men sånn er det berre av og til. Vi kosa oss som best vi kunne desse dagane.

Tante Randi og Emil ser på leikene.

Onkel Jørn hadde reparert den gamle leikegrinda, greit å ha sidan vedomnen var litt vel spennande til tider.


Mormor hadde strikka gode bukser til oss, som var supervarme å krype rundt i. Vi syns det var spennande med tv-benken.


Det var mange rare og morsomme leiker med mormor og morfar, og jammen hadde ho kjøpt noken nye og til vi kom.

Her er ei av dei gamle leikene til onkel Jørn som blir studert.

Emil og mormor kosar med Irma pusen

Vi besøkte oldeforeldra, oldemor var ikkje heilt bra men ho syns det var kjekt med besøk av gutane. Oldefar syns det var storstas med dei to små, og han tulla masse med dei.

Oldefar Ole med gutane, Emil skulle berre lage tullefjes når vi skulle ta bilde.
Vi var ein tur til Bigset og besøkte Sonja, ei veninne som mamma gjekk på lærarskulen med. Ho har og to tvillinggutar. Dei var 3 mnd når vi var på besøk.

Her er vi med Sivert og Mikael på Bigset

Mormor fekk besøk av forskjellige damer som ville kike på tvillingane denne veka.
Til helga gjen kom onkel Jørn Ole, tante Randi og onkel Yngve på besøk.

Onkel Jørn og Sverre

Onkel Yngve og Emil

Stas med onklane som ville herje litt. Søndagen reiste mamma, gutane og tante Randi på besøk på Hustadneset. Vi måtte kike på oppussinga til tante Sølvi og onkel Anders. Det blir flott i huset deira.

Tante Sølvi med begge gutane.

Siste dagen var vi heime på Viddal. Tante Randi hadde fri så ho var der, og utpå dagen kom tante Sølvi og onkel Anders og. Vi var ein tur i fjøsen og såg på kyrne som var der. Spennande greier.


Tnate Randi og Sverre les i ett blad.


Mamma og Emil helsar på en okse


Sverre og tante Sølvi kikar på kalvane


Tullefjes!! onkel Anders og Emil

Tante Sølvi og Sverre.

Tirsdag 10.mars reiste vi til Oslo gjen. No var mormor med oss. Ho skal vere på besøk i 5 dagar med oss.

tysdag 17. mars 2009

Besøk av Tuva! 26.februar 09


Emil, Tuva og Sverre



Tuva, Jeanette og Torgeir flytta til Lillehammer rett før jul. Det syns vi er litt kjedelig, for da er det så lang til dei. Og så får vi ikkje sett dei så ofte. Men no var dei på tur i byen og vi skulle endelig møtast gjen! Gutane og eg reiste inn på Byporten og møtte dei. Vi tok ei lita shoppingsrunde før Tuva og Jeanette blei med heim til oss. Vi var på leikebutikk og, der var det mykje fint å sjå på syns Tuva og twinsa.


Mamma! Dinne vil ej ha! Tuva fann en fin kjole :) Hihihihihi Emil og Sverre syns denne hunden var fin.

Full fart på golvet med oss! Leikekassa er tømt og det er berre å herje på! Var ikkje så lett å få ett bilde av alle ilag. Der dei såg same veien. Ikkje heilt greit å vere Sverre her.