Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 26. mai 2011

Vassfaret Bjørnepark i Flå

Laurdagsmorgen var vi tidlig oppe og kl.8.00 var vi ferdig med frokost og alt og lurte på kva vi skulle finne på denne dagen. Då kom pappa med ideen om at idag skulle vi reise til Bjørneparken. Vi har snakka om å ta turen, men ikkje bestemt oss for dsag. Men idag passa det bra! Vi pakka litt utstyr som trengst når ein er på tur med tre små. Og satte oss i bilen og kjørte til Flå. Det tok ganske nøyaktig to timar. Vi kom fram i god tid til mating av bjørnanen og fekk med oss det. Dei fekk elgkjøtt og epler. Elgkjøttet var frå ein elg som hadde blitt påkjørt ikkje så langt unna parken. Etter å ha sett kor bjørnane momsa i seg maten rusla vi rundt i parken. Vi såg elg, hjort, piggsvin, kanin, sau, geit, høner med små kyllingar og hengepuksvin. Der var ulv også, men den såg vi ikkje. Den er litt meir sky av seg og var sikkert inne i skogen en plass. Det var store innhegningar til alle dyra. Når mamma sa at ulven sikkert var inne i skogen til gutta sa Sverre: "Ja den ligge sikkert med stor mage og har vondt i magen".(Vi har nettopp lest eventyret om Ulven som åt geitekillingane.)  Parken var kjempe flott for store og små. Fint å springe rundt, og greit å trille med vogn. Vi kjøpte oss vafler, saft og kaffi. Jetmund fekk ein liten bjørnebamse.  Vi stoppa på kjøpesenteret som var nytt rett nedanfor parken, der var vi på kafe og kjøpte oss middag. Elgburgera til mamma og pappa og pannekaker til gutta. Jetmund fekk graut. Så kjørte vi heim og var vel fornøgde med dagen!
Anbefala alle som kan å ta turen til : Bjørneparken 
Bilder frå dagen:
 Emil og Sverre er klar for å sjå bjørnen
 Akkurat i det vi kom opp til bjørnane, mammaen og 4 ungar, var det en unge som hadde vore rampete og mammen jaga den oppi ett tre. Mammaen var sint og brumma og ungen var redd og peip. Ganske spennande for oss å sjå. Vi blei imponert over kor fort dei klatra opp i treet!
Ganske redd den lille bjørnen no ja.
 Pappa og gutta følger med

 Bjørnemammaen og to av ungane sitter klar for å få mat.
 Plutselig såg vi ein stor bjørn lenger nede i skogen. Det var en av dei to bjørnebrorane som bodde i ett anna bjørnegjerde. Dei var i ungdosmalderen og litt meir viltre av seg.
 I den tredje bjørneinnhegninga var det eit par: Rugg og Nora.
 Her ser vi elgen!
 Bak gjerdet tår ein stor elg og ete mat.
 Vi gikk forbi bjørnane igjen og Emil ropar: SJÅ SJÅ bebibjørnane får pupp!! Og det var heilt sant.
 Sverre syns det var spennande å springe i skogen.
 Emil og mamma kosar seg med kaffi og vafler, JEtmund måtte få litt mat han og.
 Høner og hanar og små kyllingar som satt under vingene til mammaen sin.
 Etter å ha ete masse elgkjøt tok Rugg seg ein middagskvil. Låg å snorka her. Han var ein stor bjørn på rundt 350kg.
 Her ligger Nora og søv ein middagslur, vi gikk på ei bru som gikk litt over ho. Vi måtte liste oss for bjørnen sover, bjørnen sover.....
Jetmund syns det var gøy å sitte i vogna og sjå på dyra.
 Blide og kjekke lillebror!
 Mamma, Emil og Sverre gikk inn til sauene og klappa dei.
Ett lite lam som ville ha litt kos.

1 kommentar:

Gjengen framma dala sa...

Kor kjekt å ha sånne parka i "umiddelbar" nærheit!

Sakna sånne tilbud rundt om kring her heime...her e berre regn å vind... ;)