Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 16. mai 2011

Lang påskeferie i år!

Vi reiste til Sunnmøre i påskeferien. Etter å ha lest oss opp på skrekkhistorier om påsketrafikken fann vi ut at det var berre å komme seg tidlig avgårde! Med vekkerklokka  på 05.00 var det noken trøtte tryne rundt frukostbordet. Niste blei smurt, bleier skifta, dører låst og vi susa ut garasjeporten 6.00 laurdagsmorgen. Turen oppover gikk kjempe flott. Endelig fekk vi prøvd nyebilen vår på langtur og alle var fornøgde! Moro å ringe mormor frå strynefjellssvingane og sei at det var der vi var. Då vart ho forkava med å ordne og fikse til vi kom. Ho trudde nemlig vi ikkje kom før kvelden :) Laurdagen når vi kom fram var det berre avslapping og rolig kveld. Tvillingane syns det var stas å få sove på rom i dobbelseng. Dei fekk eige rom som mormor hadde rydda til dei og laga leikekrok, med masse gamle og nye leiker frå då mamma og tanter og onkel var små. Og litt nye leiker som har vorte kjøpt inn etterkvart.
Søndag kom tante Sølvi og Anna-Sofie og tante Randi.
 Tante Sølvi med Jetmund, Emil, Anna-Sofie og Sverre på fanget til Endre og morfar i sofaen.
 Tante Randi med Jetmund og Tante Sølvi med Anna-Sofie.
 Mamma og Sverre!
 Tante Randi og Sverre
 Sverre og tantene!
 Tante Randi og gutta kosar seg med kjeks
Mormor med Anna-Sofie og Sverre.

Det blei en dag med masse besøk, Ronny og Marie Helen som er fadder til Jetmund kom på besøk. Dei hadde med ungane sine; Kevin, Mathild og lille Runa som er akkurat ei veke yngre enn Jetmund. Dei henta campingvogna si som har stått på Sætre i vinter. Tante Venke (tanta til mamma) og Toril (søskenbarnet til mamma) kom og innom. Dei var på besøk med Sassa (oldefar til gutta) og kom innom med gave til Jetmund. Flott barnesett i hardangerbestikk. Påskeferien susa forbi som vanlig, og vi fekk gjort ganske mykje, besøkte tante Randi og onkel Yngve, besøkte slekt i Nordfjord, STOR familiemiddag på Hustadneset, krabbeleiting i fjøra, traktorkjøring både på Viddal og på Sætre. Nokre bilder frå påskedagane:
 Mamma og Jetmund på kjøkkenet til tante Randi og onkel Yngve.
 Tante Randi og Jetmund
 Onkel Yngve og Jetmund.
 Gutta i sofaen med tante og onkel.
Anna-Sofie og Jetmund på besøk med tante Randi.
 Emil på tante hesten!
Emil og Sverre med tante Randi.

Sjølv om det var mykje besøk og farting i påska fekk vi og tid til leik ute heime med mormor og morfar og! Spennande med leikene der, jammen hadde mormor kjøpt ny gravemaskin til oss og!!
 Full anleggsdrift her!
 Emil med god dreis på gravinga!
 Kjekt med sand og leike i.
Sverre med lastebil og brannbil.

På tur til Blakseter og besøke tante og onkel til mamma. Dei bur på garden der mormor kjem i frå. Der var også Janne som er fadde til Jetmund. Ho er frisør, og her fekk mamma ny sveis og farge! Mormor fekk og ei runde med saksa. Kjekk dag! Med mykje gode kaker. 
 MMMM vi fekk is!
 Gutta, mormor og morfar, tante Tordis og onkel Jarle.
Janne Trude med Sverre og Jetmund på fanget. 
Traktorkjøring hører med når ein er på påskeferie med mormor og morfar, og pappa Endre har og ein traktor på Sætre!
 Sverre og pappa i farta!
 Emil og Jetmund følger med på traktorkjøringa.
Så var det Emil sin tur!

Vi leita etter krabbe i fjøra, desverre var det for tidlig på året til å finne krabba. Men fekk kasta en del stein! Og Fox fekk starta badesesongen for alvor!
 Onkel Jørn og pappa er drevne krabbefinnera, men ingen hell.
 Sverre ser ekstra godt etter.
 Litt snop må til på tur. Flink er iallefall interessert.
Ja det er Fox som ligg å duppar uti sjøen der. Og onkel Jørn på kaikanten.
Vi var på Hustadneset påskeaftan og fekk deilig lammelår til middag. Det var kaffi og godkaker og. Det var spennade å vere på besøk på Hustadneset. Vi fekk vere med i fjøsen og sjå på sauene og lamma. Og jammen det var det ein sau som fekk femlingar når vi var der. Det var tante Randi og tvillingane som oppdaga det. Desverre var to av lamma døde da dei var fødde. Men spennande var det uansett. 
 Onkel Yngve med Sverre og onkel Anders bak.

 Mormor og mamma koser seg i fint ver på Hustadneset.
 Gutta gir melk til flaskelamma.
 Tante Sølvi med Jetmund
 Morfar og mormor
 Trilletur so dei små skulle få sove.
 Onkel Yngve og tvillingane var ned til sjøen og kasta stein.
 Onkel Yngve og alle søskenbarna!
Onkel Yngve og gutta før dei knuste en lampe som var tante Sølvi sin....

Mormor laga deilige pannekake til oss!! Vi kosa oss ute med dei:
 Mmmm pannekaker!!
Sverre følger med på mormor i kjøkkenglaset
Mormor med pannekakene i sving på kjøkkenet
Onkel Jørn Ole var heime på Viddal i påska han og. Emil og Sverre syns det var kjekt å vere ilag med onkel. Spennande å sjå på når han veda her på lødebrua.
 Emil følger med på onkel
 Sassa må kike på Jetmund
 Sassa og Sverre

Påska gikk over i kvardagen, og pappa måtte reise til Oslo og jobben sin igjen. Mamma og gutta skulle vere igjen i to veke til. Og det vart eit fantastisk vèr! Uheldigvis blei mamma og Jetmund litt sjuke. Mamma fekk kraftig halsbetendelse og måtte tilslutt på legevakta og få pencilinkur. Då vart ho bedre og fekk med seg bursdagsfeiring på Hustadneset med tante Sølvi som blei 29år. Vi overnatta med tante Randi i Ørsta før vi kjørte til Oslo gjen. Tante Randi blei med oss i bilen. Og turen gikk kjempebra! Vi hadde to stopp på veien. Ett på Dombås der vi åt is :) og på Lillehammer der vi åt litt meir mat før vi cruisa heim til pappa! Her er nokre bilder frå dei to vekene vi var på Viddal:
 Leikarstova er moro å leike i.


 Ekstra morsomt syns gutane det er at tante Sølvi og tante Randi har mala mummi og vennane hans på veggane i leikarstove.
Der er jammen Stinky også...han er rampete syns vi.
En laurdag i månaden kjem isbilen til mormor og morfar. No var vi so heldige att dette var en laurdag vi var på besøk! Vi kjøpte oss is!
Tante Randi og gutta kosar seg med is og barne tv.
Morfar er i gang med å restaurere stabburet sitt, ny bordkledning og nytt tak skal det bli. Sassa er med på seansen, og Emil syns det var kjempe spennande med sag og hammar!

 Morfar og Sassa klar for å legge ny bordkledning.
 Emil kastar ball med Fox
 Mormor og Jetmund ser på stabbursprosjektet
 Emil følger med!
Etter at mamma og hadde slått i en spiker måtte det diskuterast litt, morfar, sassa og mamma.
Dette blir flott!   

Emil og Sverre likar seg godt ute. Og det er bra. Mykje å undersøke på besøk med mormor og morfar.

 Tante Randi viser Emil og Sverre hemmelige steinar som vi søstrene hadde når vi var små.
 Ett rør i marka kan vere spennande
En liten blomster til mamma.
 Vi laga bru og tunell i ett prosjekt i sandkassa
 Bygging pågår!
Vi badar i badebaljen som har vore tante Randi sin. Litt trangt men ganske gøy syns vi:
 Mormor har tatt vare på vognene som vi har hatt både mamma og dei andre i familien. Dei er det morsomt å trille tur i.

 Emil og Sverre med Anna-Sofie på fanget.
 Sverre og Anna-Sofie likte seg i dinne vogna. 
Sassa oldefar Ole har ein Gråtass, den er svært populær både for gutane og Sassa. Vi fekk sjølvsagt kjøre turar med den. Sassa kjørte so fort at vi kneip oss fast og Emil syns det sto til!

 Emil og Sassa
Emil og Sverre poserar på Gråtassen!
Klar for tur!Mamma og Sverre bakpå, Sassa og Emil kjører.
Bursdagen til tante Sølvi blei feira heime med dei på Hustadneset. Desverre var Anna-Sofie sjuk denne dagen. Det viste seg at ho hadde ørebetendelse stakkars lita. Vi var samla alle søskena Viddal for å feire Sølvi Anita. Ho hadde laga deilig pizza og sjokoladekake. Onkel Anders hadde laga flott bløtkake med jordbær på.
 Jetmund luggar onkel Anders litt!
 Gutta fekk gi flaskelamma meir melk

 Tante Randi og gutta ser på sauene som var ute.
 Onkel Jørn Ole og gutta sprang litt ilag med sauene.
Bursdagsbarnet og Anna-Sofie
 Dagen etter bursdagsfeiringa stod vi igjen tidlig opp å satte oss i bilen ilag med tante Randi, og kjørte til Oslo gjen. Da var tante på besøk over helga med oss, det var koselig. Det var kjekt å komme heim til pappa og leikene våra!

Ingen kommentarer: