Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 29. mai 2011

Tur i marka

Vi ville ta oss en søndagstur idag, noko dårlige vermeldingar var det. Men vi fann ut at vi ville ta t-bana til Frognerseter og rusle oss ein plass derifrå. Som tenkt så gjort. Mamma smurte niste og pakka nødvendige ting i stelleveska, som kvikklunsj og bleier. Det er ein lang t-banetur heilt opp til Frognerseter, så nista blei eten på t-bana. Framme på Frognerseter fann vi ut at vi ville gå til Holmenkollen og sjå hoppbakken, vi har ikkje sett den nye bakken. På vei nedover måtte Emil, Sverre og pappa kike litt innover i skogen for å sjå etter ulv og bjørn.
 Ulven , ulven er du her??? Ingen ulv å sjå, berre masse maur.
 Det var ein kald vind idag, men Jetmund satt god og varm i vogna si. Mamma hadde hatt på fottrekket og, så då var det berre å kose seg å kike seg rundt.
Litt lenger nedover kom vi til ein barnehage, der var det gøy å springe og prøve båten, bilen, sklier og plaske i sølepyttar. Jetmund fekk seg mat og vi var klar for neste etappe.
Fin båt syns gutta!
 Pappa måtte sitte på, Emil styrte og Sverre klatra.
Vi rusla vidare i skogen. Såg litt på løypene der dei hadde ski-vm. Bratte bakkar! Vi ropte meir etter ulven og samla masse pinnar. Vi åt kvikklunsj so det seg hør og bør på tur. Såg noken som sykla veldig fort nedover gjennom skogen! Så kom vi ned til det nye Holmenkollanlegget. Først stoppa vi og såg på Midtstubakken før vi kom til sjølve Holmenkollen.
 Stor hoppbakke, som Sverre sa han skal hoppe på ski i når han blir stor.
Vi såg at det kom ei skikkelig regnbyge og fann ut at vi skulle kome oss på t-bana igjen. Og akkurat i det vi kom under tak sette det igang den byga! Alle tre gutane sovna og sov heile veien heim. Heime var det tid for leiking med traktor og eting av kveldsmat. Så var det badetid. Og alle tre fekk bade seg ilag! Kjempe stas!

Ingen kommentarer: