Tante Randi var med oss ned igjen etter den lange påskeferien vår. Kjekt å ha tante i bilen :) Vi kjørte nedover tidlig fredagsmorgen. Etter å ha forhørt oss om arbeid i strynefjellstunellen, fann vi ut at vi ikkje tok sjangsen på å bli ståande der i timesvis. Og kjørte via Dombås denne gangen. Vi hadde beregna tid på ferga festøya-solevåg. Og kunne nok nådd den hadde det ikkje vore for bilen framom som sinka oss sopass at vi kom akkurat på fergekaia når ferga la frå land... heldigvis berre 20 min. å vente. Turen gikk fint. Gutane sov ganske mykje på turen og vi spelt musikk og sang. To pauser med is og bollar blei det. Denne helga var det russetreff på Lillehammer, så vi fekk sett masse russebilar og russebussar. Tante Randi var med oss til mandagskvelden. Vi var på markedsdag i Bogstadveien på laurdagen, kjøpte oss litt forskjellig og såg på masse rart. Søndagen var vi ute heile dagen, vi trilla på tur til nye barnehagen vår, såg på Smestad skulekorps som øva til 17.mai, så gikk vi enda en tur på ettermissagen ilag med naboane våre. Vi åt burgera og is på Herregårdskroa i frognerparken. Mandag var mamma og tante Randi og Jetmund sjølvsagt på ein liten bytur. Før vi henta gutta i nye barnehagen. Så måtte tante Randi reise heim. Gutta skulle sei hade til ho, men nekat å gi ho hadeklem, ho fekk kun nattaklem. Dei ville ikkje at ho skulle reise. Her er nokre bilder frå helga:

Mamma og Jetmund kosar seg i bilen på Dombås
Ispause på Dombås
Moods of Norway traktoren som var stilt ut på markedsdagen. Emil syns den var kjempe fin.
Sverre og mamma på markedsdag, ballongar høre med :)
Pappa og Jetmund blese såpebobler på verandaen.
Sverre syklar
Emil fekk seg hoppehund på markedsdagen
Sverre fekk seg hoppeku. Fargen velgde han sjølv, vi kallar den berre Moods of Norway kua, eller muuuuuuuuudskua
Mamma, Sverre og Emil på Herregårdskroa
Tante Randi og Emil på Herregårdskroa
På vei heim frå Herregårdskroa sprang Sverre gjennom parken
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar