Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 6. november 2008

VI KAN RULLE SJØLV!


Fyste gangen Sverre rulla frå rygg til mage. 03.11.08

Om det var flyttinga som gjor gutta her meir nysgjerrige eller kva det var er ikkje godt å sei. Men mandag 03.11 snudde Sverre seg rundt til magen sjølv. Litt komisk fyste gangen, for han rulla rett på Fox sine føter. Fox blei litt forvirra over at dissa små tassane på golvet plutselig har begynt å bevege seg utom matta si. Sverre såg ut til å vere fornøgd med seg sjølv. Han har ikkje rulla så mange ganga etter denne fyste gangen, men ett par har det blitt.

Onsdag 05.11 syns Emil det var på tide å rulle over han og. Han var veldig fornøgd med å klare det så frå han kom det gledeshyl. Han har rulla over mange ganga etter det, men mamma har ikkje fått sett det. Ho har enten laga mat, bytta på Sverre eller rydda på plass ting i leiligheta. Ho hører berre fornøgde lydar og der ligg han på magen og kika.



Jippi vi klare å kome oss på magen sjølv!



Emil he funne føtene til Sverre, morro morro

Ingen kommentarer: