Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

torsdag 6. november 2008

Flyttesjau

Flyttehelg 31.oktober-02.november

Endelig var helga komen. Vi skulle flytte ut frå vårt lille krypinn til ei stor flott leilighet. Fredagen fekk vi nøklane, og Endre vaska ned leiligheta på kvelden medan Olianne og gutta pakka i kasser i gamle leiligheta. Farmor Jorun kom med tralle, sekkehjul, arbeidslys og div vaskeutstyr. Endre og Jorun reiste på Ikea for å hente sofaen. Noko som ikkje skulle vere so lett. Men vi fekk han i hus på laurdagen.


Smykker og strykejern på plass i nye leiligheta.

Laurdagen starta den virkelige flyttedagen. No skulle alt over til den nye leiligheta. Hogne og farmor troppa opp.Etter ei stund kom også tante Ann Kristin. Her blei det trilla, rulla,skubba,pakka, pakka ut osv heile dagen. Tvillingane var snille men merka nok at noke var på ferde. Fox var ganske forvirra over heile oppstyret.


I farta, Fox har fått på seg refleksvesten sin for anledninga.


Emil og Sverre fekk sitt første bad og stell i nyeleiligheta og sovna raskt i sengane sine. Hadde vore mykje å følge med på denne dagen. Dei sov godt fyste natta her. Det gjorde mamma og pappa og. Litt usikker på Fox for han var framleis forvirra.




Fyste frukosten i ny leilighet, pappa og Emil

Søndag morgen var det frukost i ny leilighet. Etter frukosetn gjekk Olianne og Fox bort i gamle leiligheta. Endelig skal vi heim tenkte Fox og vart enda meir forvirra når det var tomt i leiligheta.
Her starta vi med litt vasking av leiligheta. Jorun kom og hjalp oss. Olianne måtte mate tvillingane og farmor Jorun fortsette å vaske. Hogne kom idag og. Endre og Hogne monterte komfyr og flytta alle tinga på boda til nye boda. Jorun vaska ferdig gamle leiligheta. Tvillingane og mamma rydda på plass ting her i nye leiligheta, men det var ikkje so kjekt syns dei. Så det var en del sutring med dei idag. Men vi blei ferdig til kl.18 då kom han som hadde kjøpt leiligheta vår og fekk nøklane. Resten av kvelden blei vi sittande i sofaen og slappe av litt. Ei hektisk helg. Takk for hjelp alle mann og kvinner.

Ingen kommentarer: