Vi prøvar å finne på kjekke ting i helgane. Og her er det vi har gjort dei to siste helgane.
Søndag 02.09 var vi på Lørendagen på Lørentorget der besta Jorun bor. Det var sett opp scene i gata med underholdning og sang. Der var hoppeslott og masse forskjellige boder.
Emil fekk ansiktsmaling
Jetmund kika på alt som skjer
Sverre hoppar!
Denne helga har Endre vore på BI på kurs. Så laurdag var mamma og gutta på Familiens dag på Hoff. Her var det aktivitetsløype, kafe og teater med Karius og Baktus. Vi fekk oss plass heilt framme og var klar for teaterforestilling. Men det var skummelt syns veldig mange av dei små i salen. Så det vart det tutekoret. Mange måtte forlate rommet, men mamma og gutta syns det var gøy. Jetmund sat på skuldrane til mamma og såg dermed alt. Då den store tannbørsta kom hadde ikkje han som styrte den heilt kontroll og Jetmund fekk den rett i haudet. Jetmund tok det fint, men såg stygt på han som hadde gjort det og peika på han å sa: mannen....
Etter forestillinga kosa vi oss med vafler og pølser.
Emil kastar ringar på pinne
Her skal det spikrast! Gutta hadde god dreis med hammaren
Søndag tok vi turen til Frognerborga og gikk nedgjen til Skøyen. Gutta var så flinke å gå. Vi stoppa ved hundejordet og såg på hundane og kjøpte bolle og muffins.
Emil på bussen
Mamma og Sverre på bussen
Emil på reia
Sverre lika den store sklia
Her er det gøy syns Sverre
Sverre er gla og fornøgd med å vere på tur
Gutta fekk seg ballongsverd med en klovn som dukka opp
No har Jetmund og våkna og vi kosar oss med boller og muffins
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar