Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

måndag 4. april 2011

Ei vårlig helg....trudde vi

Helga starta med at mamma og Jetmund trilla å henta store gutane i barnehagen. Emil og Sverre har blitt så flinke å gå heim igjen. Så vi rusla heimover og såg på forskjellige spennande ting. Som der vatnet forsvinn rett ned frå veien!!! Måtte undersøkast litt. 
 Emil og Sverre må kike på vatnet. Emil trur det skal heimatt til mammaen sin.

Laurdag hadde mamma lova at vi skulle kjøpe nye joggesko! Og joggesko blei det. Med blinkelys! Gjett om det var to som sprang fort! Vi måtte berre ta støvlane i en pose når vi gjekk frå butikken, og Sverre spann rundt og rundt på cc vest. Ein eldre mann sto å lena seg til ei handlevogn og lo av han. Såg ut som han tenkte tilbake og ønska han var liten og fekk seg nye joggesko.
Så skulle vi hente syklane våre med besta Jorun. Dei har vore der på vinteroppbevaring. Besta hadde laga risgraut og sjokoladekake til oss. Rett vedsiden av det besta bor ligg norges største akvariebutikk. Besta har fortalt at det er hai der. Dette ville gutane sjå, så etter grauten gikk vi å kika på alle fiskane! Vi rusla tilbake til besta for å ete sjokoladekake, då oppdaga vi at i kjøpesenteret som er der besta bor var det ansiktsmaling for unga. Sverre ville ikkje, men han meinte at Emil sikkert ville. Og det ville han! Vi kjøpte sjokoladekanin og gikk inn til besta og kosa oss med kake. Så var laurdagen over og vi kjørte heim med syklane i bagasjerommet.

 Pappa testar dei store såpeboblene!
 STORE bobler!!
 Emil jaga bobler med ein spade.
 Det var fint å sykle i kjellarbodgangen til besta
Sverre var glad for å sjå bilen igjen og

På den store akvariebutikken!Masse spennande fisk å sjå.
Emil ser på haien!!
 Donald og kindersjokoladekanin
 En fornøgd tigergutt, eller løvegutt som han syns sjølv han var! Blei litt skuffa da han måtte vaske den vekk før han la seg ja.

Søndag hadde vi håpt det skulle vere skikkelig joggesko ver. Men skodda låg tjukk! Skulle tru det var "kollensøndag" med hopprenn. Men vi hang ikkje med haude sjøl om det var vått  i lufta. Vi tok på joggesko likevel! Og mamma hadde sagt at vi skulle å sjå på dinosaura! So vi var klar for det. Vi tok bussen til tøyen og Naturhistorisk museum. Vi var tidlig ute, og det var ikkje opna når vi kom, men etter ei lita trillerunde med Jetmund var det ope og vi rusla inn i en spennande dyreverden!

Sverre ser på ein stor skilpadde
 Spennande med dyr her!
 Emil oppdagar ein kjempe stor hai på veggen!
Stor bjørn!
Etter at vi hadde sett alle dyra på naturhistorisk museum zoologisk avdeling gikk vi ovet til geologisk avdeling. Der var dinosaurane! 
 Sverre er imponert!
 Denne dinosauren fall i smak med gutta!
Oj kva såg Emil no da?
 Hmmm kor blei det av Emil da???

 Aj aj Emil fann babydinosauren meinte han! Den var litt vanskelig å få på plass, men Emil visste råd!
Der ja, trygt på plass med mammen sin!

Mamma og Jetmund såg på ein stor flott stein

Etter å ha sett alle desse dyra blei vi både svoltne og tørste. Vi gikk på kafe og kosa oss med bolla, sjokomelk og vafler. Jetmund var full av intrykk og sovna godt i vogna si. Vi kom oss på bussen heim. Vi sykla litt med syklane våra når vi kom heim. På kvelden leika vi med slangane og billene som vi kjøpte på museet. Ei flott helg med mykje morro! No gleda vi oss over våren som kjem meir og meir. Idag såg vi krokus når vi gjekk heim frå barnehagen!

Ingen kommentarer: