Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 1. mars 2011

Dåpen til Jetmund 20.02.11

Vi hadde dåp for Jetmund 20.februar. Vi var så heldige å få feire dåp ilag med Anna-Sofie.

Vi sette oss i bilen fredag 18.februar. Vi fekk låne en bil fra Bilia fornebo. Ein Ford mondeo stasjonsvogn, sjølv om det var litt trant i baksetet med tre barneseter gikk det bra. Og gutane var kjempe flinke å sitte i bilen. Tvillingane satt i seta sine fra Lillehammer og heilt til Hustadneset og tante Sølvi, onkel Anders og Anna-Sofie. Pusen, bæææane og hestane som Emil kalla hjortane som gikk utanfor huset. Vi kom seint fredagskveld til Hustadneste. Så det var berre å kome seg i hus og legge seg. Tvillingane syns det var stas å få nytt rom som dei sa. Med store senger på. Så dei slo seg fort til ro på loftet.

Laurdagen skulle vi lage til på Bondalen Grendahus der vi skulle ha dåpsfesten. Tante Randi og onkel Yngve kom og passa tvillingane på Hustadneset, dei va ute og kosa seg i snøen. Dei såg på bææane i fjøsen og kasta snø på sjøen. Pappa og onkel Anders kjørte til Ørsta og henta blomster som mormor hadde kjøpt til oss. Dei henta kaker og deilig koldtbordmat. Og fiksa andre viktige ting. Mamma og tante Sølvi tok med seg dåpsbarna og gjorde i stand grendahuset. Når vi var der kom mormor og onkel Jørn innom og.

 Tante Randi og onkel Yngve
 Mormor og Jetmund
 Onkel Yngve og gutta kjører bilar
 Sverre syns det var morro og få bade i babybadet som han kalte badebaljen til Anna-Sofie
 Emil leika baby! Og syns det var deilig med eit skumbad!
 Kosestund med tante Randi før legging
Tante Sølvi er litt galen i bakgrunnen her, tante Randi og Anna-Sofie

Laurdagen fauk avgårde. Vi fekk pynta og ordna og var klare for den store dagen. 
Søndagen kom med eit flott ver. Vi stod opp og fekk på oss finstasen og reiste til kirka. Alle var flinke i  kirka. Begge dåpsbarna sov ein del og tvillingane las litt bok og såg på det som skjedde. Sverre syns det vart litt lenge og hadde veldig lyst til å springe i kirka. Så når Jetmund var framme for å døype seg måtte han ta ein liten sprint bak alterringen. Men det gjorde ingenting.


 Her kjem mamma og pappa inn i kirka med Jetmund
 Mamma og Jetmund
Her blir Jetmund døypt, pappa bar han til dåpen

 Her blir Anna-Sofie døypt, pappa Anders bar ho
 Søstrene med kvar sitt dåpsbarn i Hjørundfjord kirke
Det var tre dåpsbarn denne søndagen. Her er alle tre med foreldra sine

Etter kirka var det berre å kjøre seg fram på grendahuset. Der hadde vi god hjelp på kjøkkene. Så dei to damene som var der satte fram den deilige maten og rydda og ordna heile dagen. Kempe kjekt å få so god hjelp. Folk kosa seg med mat og god prat. Ein del unga var der og, dei sprang rundt og leika seg.

 Pynta med rosa og blått
 Anna-Sofie med fadderane sine og foreldra
 Jetmund med besteforeldre
 Jetmund med foreldre og faddera
 Søskena med famile
 Jetmund
 Deilig kake
 Janne og Sverre ser på kva kake dei skal satse på
 Emil og onkel Jørn Ole kosar seg med kake

Oldefar Ole med begge dåpsbarna 
Etter å ha rydda opp etter oss på grandahuset var det berre å slappe av på kvelden. Vi åt restar fra koldtbord og såg på bilder frå dagen. Tvillingane og dåpsbarna sovna godt denne kvelden. Mandagen var det for oss å pakke oss i bilen gjen og sei hade til tante og Anna-ovi som gutta sei. Det blei ein lang tur heim for oss. Då vi kom til strynefjellet var det stengt i to timar der, så vi kjørte om utviksfjellet og ned til sogndal og vidare over Filefjellet. Det var godt å få sove i senga si når vi endelig kom heim.

Mamma, Emil og Sverre matar hjortane på hustadneset. Dei likte restane av nista vår, polarbrød med brunost.

1 kommentar:

Sølvi Anita sa...

Takk for ei super helg ilag, gjekk i eitt og det var full rulle! Gler meg til neste gang vi møtest! Rommet til gutta står klart ! :) hehe...