Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

onsdag 30. mars 2011

Andre helga på rad med Lolli!!

Hipp hipp hurra!! Gjett om Emil vart kjempe glad når Anette i barnehagen sa at han kunne ta med Lolli heim dinne helga!! Andre helga på rad med Lolli! Og denne gangen fekk Emil bestemme over bamsen! Dette snakka vi nemlig mykje om når det var Sverre som hadde Lolli med seg.
Mamma kavar litt med å skjønne om Lolli er jente eller gutt. Ho vil kalle Lolli for ho Lolli, men ser at i barnehagen blir den omtala som han. Så ho tok seg sammen og prøvde å sei han til Lolli.

Lolli fekk sitte oppå stellebodet når gutta bada, men han datt ned!! og blei våt på føtene. Så mamma måtte holde han so han fekk sjå på kor gutta bada.
På trygg avstand.. det går føre seg i badet ser vi!

Denne helga var det "guttehelg" for pappa. Noken kompisa frå Ørsta var i byen og dei var på båtmesse og "Top gear" og litt festing trur vi det blei og.  Så medan pappa var ute og lufta seg styra vi på heime heile laurdagen. Farmor kom ein tur og vi var ute og kosa oss i sola. 
På ei veke har den store krokodillen vår blitt ei lita firfisle...
Mamma, Jetmund , Emil, Lolli og Sverre på butikken og snopar laurdagssnop.
Kjekt med brett på vogna til Jetmund. Kan av og til bli langt å gå for små fota. Akkurat plass til to guta. 
Sidan vi hadde stått opp veldig tidlig, og gått ut tidlig syns vi det var litt kaldt. Og vi gikk inn og varma oss og Jemtund fekk seg mat. Tilde og mammaen måtte få låne vaskemaskina vår for deira var ødelagt. Vi avtalte at vi kunne leike litt ilag når vasken var ferdig. 
Vi kledde oss og gikk ut i sola. No var det varmare, og tynnedressar var deilig å ha på!
 Farmor, Sverre, Tilde og Emil i vårsola
 Fekk låne sykkel og sparkesykkel med Tilde
 Sverre syns det var kjekt å sykle. Han syns sykkelen til Tilde var veldig fin
 Emil fekk dreisen på denne sparkesykkelen
 Farmor og gjengen i klatrestativet
For ei mølje det blei!!

Vi var heldige å fekk kjeks og kakao på terrassen til Tilde. Snilde mammaen til Tilde!! Vi fann ut at neste helg vil vi reise til farmor og hente trehjulssyklane våra som er på vinteroppbevaring der. Vi gikk inn og fekk oss mat og leika oss inne. Farmor reiste heim til seg sjølv etter ein dag med full rulle med gutta.
Medan mamma la Jetmund bada Emil og Sverre. Og dei rampa seg til å fylle ekstra vatn i badekaret. Sjå berre kor mykje vatn det var:
Tett før det renne over her!

Søndag var det SOMMARTID. Vi stilte klokkene våra og gleda oss til å treffe onkel Yngve. Han hadde ringt og fortalt at han sto på Hjortnes kai og venta på båten til Kiel. Så viss vi ville kome å helse på han kunne vi det. Og det ville vi!!! Men før vi kunne gå kom Ronny, Jørgen og Lars innom for å hente noke dei hadde satt igjen. Før dei skulle kjøre heim til Ørsta. Ronny hadde kjøpt traktora til twinsa og tøff kopp til Jetmund. Kjempe kjekt!!
 Sverre med sin kule traktor med tilhenger!
 Emil med sin traktor med tømmer bakpå
Stor stas å få sitte i store traileren til onkel! Lolli fekk vere med og
Sverre ville ikkje sitte inne i bilen. Men syns det var spennande nok å sjå på den utafrå. Legg merke til onkel og Emil i bilen

 Full konsentrasjon her ja!
Emil og onkel Yngve!

Onkel Yngve skulle til Hamburg og vi måtte sei hade til han. Men han måtte love å snart komme tilbake. Emil ville gjerne bli med på store bilen. Vi rusla oss på bussen og reiste heim. Resten av dagen var vi inne og mala bjørn og mikkel rev. 

Ei helg med masse moro! No har vi hatt tre dagar der Jetmund har vore litt sjuk, Emil og Sverre er så flinke å kose med han og passe på han. Så no er han heldigvis begynt å bli bedre. 
Blide lisjebroren vår!

Ingen kommentarer: