Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 8. januar 2012

Jula 2011

Vi var veldig klar for juleferie. Og vi hadde bestemt oss for å feire jul på Viddal. Vi hadde egentlig tenkt at det var eit værforbehold med avreisa, men vi reiste no sjølv om været ikkje såg so lovande ut. Lillejulafta tidlig om morgonen susa vi avgårde.

Jeanette og familien var litt overraska når vi kom så tidlig innom dei på Lillehammer. Vi måtte innom med noken julegaver. Turen vidare gikk stort sett greit. Matstopp på Kvam so var det berre å suse seg over fjellet. På Strynefjellet var det ganske heftig snø og vind, men vi kom oss over.

Julafta var det full rulle med masse pakkar og god mat, vi var åtte voksne og fire små.
(bilda kom ikkje heilt i rekkefølge, men her er noken glimt av jula vår.)

 Gutta i full sving med en av gavene sine, Anna-Sofie sitte på ei av sine gaver
 Jetmund og morfar
 Julefrukost. NUGATTI!
 Onkel Jørn og Emil
 Masse pakkar!
 OPS sterke scener med tante Sølvi og onkel Anders
 Sverre og Jetmund i finstasten
 Nissen kom jammen på besøk, med pakkar til alle små
 Sverre får pakke
 Anna-Sofie fekk pakke, pappa Anders følger med
 Jetmund og mamma
 Aj aj endelig fekk vi ski!!
 Bra situasjonsbilde!!

 Onkel Yngve og tante Randi meska seg med julekaker

 Tante Sølvi med kaffikoppen
 Deilig med karamellpudding

1.juledag kom orkanen "Dagmar" over oss. Det braka og knaka bra ute og til slutt gikk straumen og. Dagen etter  fekk vi sjå at det var mange tre som var knakte og naustdører og fjøstak var forsvunnet. Det gikk heldigvis bra med alt som mormor og morfar har. Men pappa sine tuntred knakk og flytebrygga var ganske herpa. Men så lenge alt gikk bra med folk så kan vi ikkje klage. Vi hadde straum og dagane etter, og det var det ikkje alle som hadde. Det var egentlig berre ei fase som virka på straumen, men pappa er elektrikar så han kunne noken triks.
 Stearinlys og haudelykt måtte til når vi vil spele spel når straumen er vekk
 Tungrana på Sætre gikk med
Anna-Sofie og Jetmund kosa seg med julekaker

4.juledag kjørte vi til Oslo gjen. Vi kjørte om Dombås og turen tok 12 tima. Ganske glatt og en del trafikk. Men det var godt å vere heime syns gutta. Pappa var på jobb to dagar, da var mamma og gutta heime og kosa seg med alle dei nye leikene vi hadde. Det store var dei nye delane til togbana. Vi bygde store togbaner på stova. Nyttårsafta var vi på dagen på besøk med Tilde og Thale som har flytta til Fornebu og i nytt hus. Kjekt å sjå dei og det flotte huset deira. Om kvelden var vi heime og hadde en fin kveld. Pappa og Emil var ute i en time og skaut bakkefyrverkerier. Sverre og mamma følgte med i vinduet og kjørte tog. 
 Klar for deilig pinnekjøt på nyttårsafta
 Rabbestappa er viktig

 Pappa og Emil med fyrverkeri
Sverre med den flotte brua han fekk til jul
 Sverre med en av brannbilane han fekk



 Jetmund fekk trommer som han likte godt
 Vi snopa på pepperkakehuset vårt
 Juletreet vårt
Januar 2012 kom med snø, men det var veldig våt snø, eller regnsnø som Emil kalla det. Så skia måtte vente litt til. Men snømannføre var det!



GODT NYTT ÅR 2012!!!

1 kommentar:

siri sa...

Flotte bilde,blir bra skigåara detta. Vi hadde fin jul sjølv om det deat stormfullt.