Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

fredag 21. oktober 2011

Stor gutt!

Sommaren er over for lenge sia. Vi har snart komt til vinter. Hausten har gått fort. Jetmund og pappa har kosa seg heime i pappapermisjon, medan mamma, Emil og Sverre har vore tilbake til jobb og barnehage.

Vi har vore to tura til sunnmøre etter sommerferien. Ei langhelg da hjortejakta starta og i haustferien. Alltid kjekt å kome til Viddal og Ørsta for å besøke slekta og vener.

For ei veke sia starta Jetmund i barnehagen. Først fekk han plass på Røa i ein familiebarnehage. Og vi var spent på korleis vi skulle få logistikken til å gå opp, men ei veke før han skulel begynne fekk vi brev om at han hadde fått plass i barnehagen som ligg vegg i vegg med Smestad barnehage, så det er same parkeringsplassen for storegutta og Jetmund. Dei kan sjå kvarandre over gjerdet, og av og til går barnehagnae inn til kavrandre og leikar.

Jetmund har takla barnehage starten fint. Han er blid og fornøgd fra morgen til kveld.
Mandag vart han 1år! Og han hadde sin fyste dag åleine i barnehagen. Han fekk med muffins for å feire med dei andre barna på avdelinga si: Sølvkroken.  På ettermiddagen hadde vi fest heime. Det var pølser, brus, saft og sjokoladekake. Besta og onkel Hogne kom. Vi hadde fått pakkar med oss fra tante Sølvi og tante Randi når vi var på sunnmøre.
Og han fekk masse fint!!








1 kommentar:

Sølvi Anita sa...

Utrulig bra utrykk på Jetmund! Han likte bursdagen trur ej :) Sakna dokke ! Klem