Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 1. februar 2011

Januar 2011

Januar er allereie over. Ein månad med mykje besøk. Vi starta månaden med å få besøk av mormor Siri. Ho var her i fem dagar. Vi var på shopping og gikk tur på kafè og kosa oss heime når ho var her. Når mormor skulle reise heim var mamma og Jetmund med til Viddal. Det var fyste gangen mamma skulle vere lenge vekke fra storegutane sine. Det gikk heilt fint med alle sammen. Men når mamma snakka i telefon med Sverre en dag vart det litt trist, for Sverre kunne ikkje skjønne at mamma ikkje berre kunne kome heim på bussen.. Slik som pappa gjer når han er på jobb. Men når mamma kom heim viste det seg at pappa og gutta hadde kosa seg masse dei dagane dei hadde vore heime åleine.
På Sunnmøre var det først besøk på Viddal, før det var nokre dagar på Hustadneset med Sølvi, Anders og Anna-Sofie (og en haug med hjorta!!).

Mormor med alle gutane, Sverre, Emil med Jetmund på fanget.

Mamma, mormor og Jetmund reiste med fly til Hovden flyplass. Der stod tante Randi klar! Med bil og bilsete som ho hadde fått låne til oss. Ho kjørte oss til Viddal og var der ilag med oss. Kjekt å vere ilag med tante Randi syns Jetmund og mamma. 

 Tante Randi og Jetmund kosar seg i sofaen på Viddal.
 
Morfar greidar garn i naustet sitt.
Morfar hadde fri to dagar når vi var der, han sette garn. Mamma var med å drog garn medan Jetmund var hos mormor og tantene. Tante Sølvi og Anna-Sofie kom og til Viddal dagen etter vi var komne. Endelig skulle vi få møte Anna-Sofie!! Det fyste søskenbarnet og tante ungen vår. Ei superduper kjekke jente!
 Fox var med på tur!
 Tante Randi og tante Sølvi Anita.
 Gammal og ny! Vogna som mamma hadde når ho var lita og vogna til Anna-Sofie.
 Mormor og morfar med dei to nye barnebarna sine.

Vi besøkte oldefar eller sassa so vi kalla han da. Han måtte kike på det nye oldebarnet sitt. Tenk no har han 6 oldebarn. 3 gutar og 3 jenter.
Jetmund og Sassa med den obligatoriske "so ride herremann, so ride herremann..."

Tante Sølvi og Anna-Sofie tok med mamma og Jetmund heim til dei på Hustadneset. Men fyst hadde vi en stopp med Marie Helen, Ronny og Runa. Kevin og Mathilde var på skule og barnehage. Runa er født en dag før Anna-Sofie. Marie Helen og Ronny skal vere faddera til JEtmund så det var hyggelig å besøke dei. Ett bilde av gjengen måtte det no bli.
 Anna-Sofie, Runa og Jetmund.
 Tante Randi dukka jammen opp på Hustadneset og ho. Kosa med Jetmund igjen.
 Onkel Anders kom heim frå jobb, han kosa seg med lisjesnuppa si.
 Felix kava med hjorten! Dei var svært nærgåande på tunet.

Her ligge vi å kosa oss!

Dagane går fort når en er på besøk og dagen for heimreise var komen. Og hurra hurra! Tante Sølvi og Anna-Sofie skulle vere med oss til Oslo noken dagar! Det syns vi var veldig kjekt! 


 To storebrora som syns det var kjekt at vi kom heim. So vidt du kan skimte en litt usikker lillebror inni der.
 Anna-Sofie måtte berre henge med i gjengen. Og ho klarte seg bra. Er vel ikkje lenge før ho er sjefen over gutta???
 Tante Sølvi og Anna-ofie so Emil og Sverre kallar ho.
 Jetmund og Anna-Sofie.
 Tante, Emil, Anna-Sofie og Sverre.

Tante og Anna-Sofie på togstasjonen, klar for å reise heimatt.
Dagane gikk fort og besøket måtte reise heim. Emil og Sverre leita litt etter Anna-ofie når dei kom fra barnehagen. Og snakka mykje om ho dagane etter ho hadde reist. No gleda vi oss til sunnmøretur i slutten av februar.
Jetmund 3 månedar.

 Deilig å bade seg!
 Sverre Alexander
 Emil Kristoffer og kosebamsen: "musemusen"
 Sverre utanfor med oss. Vi skulle på søndagstur, men måtte inspisere gravemaskina som var komen på plassen her. Spennande saker!
 Emil og mamma måtte no klatre litt på den og dei.
 Gutane på tigeren som står i byen.
 Au au den bite sei Sverre!
Emil fekk prøve å sitte oppå den.
 
Januar er over og februar so vidt i gang. Vi er klar for nye dagar med mykje gøy! 

Ingen kommentarer: