Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

søndag 26. september 2010

Open dag på brannstasjonen 25.09.10

Vi starta helga med at mamma hadde baka skillingsbollar til vi kom heim frå barnehagen. Gjett om det var ein god start på helga for store og små, blei ikkje so mykje middag denne dagen kan du sei.

 MMM mamma hadde også laga noken skillingsbollar med vaniljekrem. 

Denne veka har det vore brannvernveke over heile landet. Ikkje at vi har vore så engasjert i det, men vi fekk med oss at det skulle vere open dag på ein brannstasjon her. Og det ville vi få med oss. Gutane syns nemlig det er veldig spennande med brannbilar og ellers alle slags kjøretøy.  Laurdag kom vi oss avgårde til Grorud brannstasjon, som vi hadde hørt skulle vere open.

 Pappa og gutane ser på ein veteranbrannbil som var utstilt. 
 Mamma og gutane ser på en enda gamlare veteranbil, vi fekk også snakke med ein brannmann i gammal uniform.
 Enda en gammal brannbil!
 Her spylar dei med brannslangar og det var kranbil. Mykje spennande å sjå på!
Vi var med på rebusløp om ulike brannting, og fekk plakat, caps og penn for det. Vi fekk sjå ei utrykking med brannbil, som faktisk var ekte. Men det var veldig kald og sur vind her, så vi syns det var nok etter ei stund så da sette vi oss i bilen og kjørte til Årvoll. Der besøkte vi Gunn Joroid, Sivert og Sondre. Dei hadde flotte leikebrannbilar med lys og sirene, noke som gutane syns var toppen! Vi leika og kosa oss. Fekk laurdagsgraut, kaffi og sjokolade! Kjempe kjekt! Håper det ikkje blir for lenge til neste gang vi treffast.
 Emil, pappa og Sivert leser bok om dyra.


Søndag ville vi ut å leike oss, og hadde lyst å finne oss ein fin leikeplass. Vi fann ut at vi ville sjå kor det var på uteområdet til Margarinfabrikken barnehage. Det er ein ny og moderne barnehage ved Voldsløkka. Her var det kjempe flott synst gutane. Labyrintar, reie, sklie, sandkasser og i det heile masse morro!

 Bratt bakke opp til sklia. Sverre tek sjølvsagt brattaste vei opp!
 Brannbil som en kunne klatre i.
 Sverre kika inn i brannbilen!
 Brombrom! Her kjører Emil og Sverre  brannbil, greit med to ratt.
 Emil i farta med ny bil. Mamma måtte passe seg og ikkje stå rett framom for å ta bilde!
 Sverre fann seg traktor å leike med
 Sverre og Emil med forskjellige kjøretøy dei fann
 Jammen var der ikkje to små leikebilar en kunne sitte på, her kjører vi i labyrinten!
 Gøy gøy gøy plass for små guta!

No er vi klar for ny veke. Vi ventar på lillebror som skal kome. Neste søndag er termindatoen. Så spennande å sjå kor tid han har tenkt å kome. 

1 kommentar:

habibiyaomri sa...

Ser ut som det er vår der !! Her er det Kvitt so langt aue kan sjå !! Fine bilder :-)