Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

tysdag 18. mai 2010

Langhelg til Sunnmøre 12.-17.mai 2010


Vi hadde ei flott langhelg på sunnmøre. Vi reiste med fly til Vigra på onsdagskvelden. Der var onkel Yngve og venta på oss. Han kjørte oss til Ørsta. Og derifrå fekk vi låne den flotte bilen til Viddal.

Pappa Endre og ein gjeng med dugande arbeidskara sette opp nytt gjerde på Sætre, slik at det kan vere fem geitebukkar der i sommar. God innsats og arbeidslyst gjorde at det blei eit flott gjerde! Mamma og tante Sølvi laga vafler til karane. Det smakte godt!
MMM vafler er gode greier. Onkel Jørn, pappa, onkel Anders, mamma, Emil og Jørgen.

 Pappa og Sverre kosar seg på Sætre.

Onkel Jørn, tante Sølvi, Emil og Flink inspiserar gjerdet.
Gøy å springe og klarte på gjerdet!!



Det var flott ver og vi var mykje ute og leika oss med flotte leiker som mormor hadde kjøpt. Men det vi synst var mest spennande var når onkel Jørn kom kjørande med traktoren!
Onkel Jørn med traktoren!!

Mormor og onkel Jørn laga nytt blomsterbed.
Sverre og Emil sparka fotball med Fox.

Fox har vore på Viddal sidan påske. Han blei glad for å få besøk av gutane, mamma og pappa. I sommar skal han bli med oss heim. Det blir fint!



Her var det fint å sitte. Morsomt å kaste stein!

 Flott ver å sitte her å kose seg i.
 
Mormor hadde kake. nam nam.

17.mai blei feira på Bjørke før vi måtte kjøre til Ørsta for å ta flyet til Oslo igjen. Vi gikk i tog, var i kirka og på Haukly ungdomshus der det var middag og is.

Emil og Sverre klar for toget. I flotte bunader som er strikka av mormor og litt av mamma. Farmor har strikka strømpene.
Sassa og pappa ventar på middag. "Bjørke-sodd"

Mamma og tante Randi.
 Sassa og gutane ser på traktorar og bilar.
 
 Morfar, mormor og tante Randi. Morfar og mormor var i 17.mai komiteen dette året.
Emil fann en hammer som måtte testast. Sverre følger med.
Tante Randi spanderte is. Nam nam!
Meir is med mormor. Sverre synst det er godt med is!
Emil får is med morfar.
To som har fått for mykje is?? pappa og tante Randi.
 På Volda/Ørsta lufthavn er det legobord. Det er kjekt å styre med når en venta på fly.
Framme på gardermoen. God plass til å springe her!!
Sverre klar for å finne bagasjen vår.


1 kommentar:

Sølvi og Anders sa...

Fine bilder og flott veir:)
Likte bilde av Endre og Randi...trur dei he ete si isdose for i år..hehe