Fredagskvelden komme Janne Trude på besøk (søskenbarnet til mamma). Ho skulle vere her heile helga, og laurdagen skulle ho og mamma på konsert i Oslo Spektrum med "Dei nye gitarkameratane". Vi rakk å trille tur i parken på dagen på laurdag.
Utpå dagen kom tante Randi og onkel Yngve på besøk. Dei skulle overnatte ei natt før dei reiste vidare på kjærstetur som onkel kalla det :) til Island.
Søndagsmorgenen hadde vi flott frokost alle sammen.
Tante og onkel med Emil
Tante og onkel reiste tidlig med flytoget. Etter frokost låg Sverre og Janne på madrassa som Janne hadde sove på. Dei låg og såg på tv, men etter ei stund såg vi at dei sov begge to.

Ein blir trøtte etter konsert og mykje besøk :)

Søndag før Janne skulle treffe dei ho skulle kjøre heimgjen med rakk vi en tur på Operaen. Det var veldig sterkt lys der.

Etter at Janne hadde reist, fekk vi melding om at Jørgen ( ein kompis av mamma og pappa) skulle vere i Oslo i 1,5t for å vente på toget. Sidan vi allereie var på Oslo S tok vi oss ein kaffikopp ilag med han medan han venta på toget.

Ei helg med masse besøk dette. Og neste helg kjem mormor og morfar for å feire 17.mai ilag med oss. Det gledar vi oss til!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar