Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

onsdag 15. april 2009

Påskeferie


I år blei det bypåske på oss. Vi hadde plana om å få pussa opp og ordna soveromma her, slik at gutta boys skulle få sitt eget rom. No blei vi ikkje heilt ferdig med det da. Det viste seg nemleg at det var litt eir arbeid i det enn vi håpte. Vi må nemleg legge litt parkett og sparkle en heil del meir enn antatt pga en lettvegg som vi tok ned. Men det blir bra når det blir ferdig. Akkurat no er det veldig trangt på rommet vårt, med dobbelseng, køyeseng og to barnesenga. Sikkert mange som bor slik, men vi er no glad det ikkje er så trangt med oss :)

Påskeveka starta bra med flott ver og guta som var i fin form. Mandagen reiste tante Sølvi heim og vi gjor egentlig ikkje så mykje. Trilla oss en tur på Maxbo og kjøpte maling til rommet vårt.


Emil og Sverre leika seg med leikekassa si, det nye med Emil er å bære ting i munnen. Noko han har plukka opp av Fox? Denne fuglene er spesielt populær med han.


Tirsdag var det eit fantastisk vårver. Og vi gjekk flott tur i parken ilag med Gunn Jorid og gutane. Etter turen blei dei med til oss ei stund. Morsomt å sjå på gutane som er tremenningar kor dei susa rundt på golvet her.

Sivert og Sondre lånar stolane våre.

Onsdag prøvde vi oss med fiskebollar til middag, noko som ikkje var så veldig populært for alle. Men etter litt åt vi ganske mykje av det.

Brrr ka e det dokke gir mej???


hmm..ikkje so verst ditte...

Begge gutane har no gått på pencilin for streptokokkar, noko som resulterte i ei litt kjedlig hending:
Natt til torsdag var ikkje så kjekk for Sverre, det starta med oppkast om kvelden og utarta seg vidare med både oppkast og skikkelig diare. Vi skifta pysjamas tre gangar og sengeklede. Til slutt var Sverre heilt gåen og sov i sitt eige oppkast, fryktelig å sjå på. Diareen fortsatte utover dagen og jammen braka det laust med Emil og. Det blei harde påskedaga for mamma og pappa dette, alle bleieskift enda i full skifte av klede. Heldigvis hadde det vore en mann å reparert vaskemaskina vår onsdagen før påskedagane starta.


Deilig å lufte seg litt



Fredag trilla vi tur til byen på ett apotek som er ope heile tida. Vi kjøpte idoform til gutane. På vei dit kjøpte vi oss softis. Var god plass på kafèen no i påska, tydlig at mange var på påskefjellet ja.

Kosestund med mammsen høre med når en ikkje e heilt i form.

Siste dagane i ferien gjekk det i ett med diarè og pussing på rommet. Like greit at vi ikkje skulle nokon plass denne påska, med alt det styre med gutane.

1 kommentar:

Trude sa...

Mykje sjukdom på dokke da... uffa meg spye og diare e'kje noke kjekt. Håpe dei blei fort bedre.