Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers
Lilypie - Personal pictureLilypie Fifth Birthday tickers

Jetmund sin bursdag

Lilypie - Personal pictureLilypie Third Birthday tickers

onsdag 4. februar 2009

VANNKOPPANE

Etter ei veke med forkjølelse og småsjuke fekk Sverre masse raude prikkar på kroppen. Vi ringte til legen for å høre kva dette var. Han hadde hatt ganske høg feber ett par dagar og så vi ville sjekke at det ikkje var noko alvorlig. Det endte med at vi søndag måtte ta turen på legevakta inne i byen. Der var det masse folk og lange køer. Var nok en ekstra stor del med uheldige skiløpera denne dagen. Etter å ha venta og venta fekk vi kome inn til ein hyggelig lege som heller ikkje heilt kunne slå fast kva desse prikkane var. Så han henta enda en lege. Han sa med det samme at dette ligna på vannkoppane, men det var eit så tidlig stadie at det var vanskelig å sei sikkert. Vi skulle sjå ann korleis dei utvikla seg og gå utifrå at det var vannkoppane. Vi blei oppmoda om å ta kontakt med fastlegen vår for å få bekrefta om det var vannkoppane eller ikkje om eit par daga. Tirsdag reiste vi til fastlegen vår, ei hyggelig dame. Legekontoret ligg berre 5 min. gange frå oss så det var greit. Medan mamma og Sverre var inne med legen sat Emil i vogna si og sjarmerte resepsjonsdama på legekontoret. Dei hadde hatt ein hyggelig prat dei sa ho. Legen sa at dette var vannkoppane og at det måtte berre gå sin gang. Sverre hadde og fått kraftig augekatarr iløpet av natta så vi fekk dråpar og salve mot dette. Så var det berre å rusle seg heim. Farmor hadde vore med oss på mandag, ho hadde kjøpt med kvitvask, så det er berre å pensle på så ikkje det klør slik. Sverre har ikkje klødd seg så mykje, men det virka som han syns det er deilig med kvitvasken. Heldigvis er Sverre i godt humør og et og drikk nesten som vanlig, litt dårlig matlyst. Og feberen har gått ned. No har Emil begynt å få feber så det er vel ikkje lenge før han er prikkete og.

Farmor pensler Sverre inn med kvit vask, med ein bakepensel. Sverre studere tannkosten


Ryggen må og penslast.

Ingen kommentarer: