
Fredag var vi på legesjekk med dei to små. Alt såg bra ut med dei. Etter det reiste pappa på jobben sin ein tur. Mamma og guttane kosa seg på rommet. Litt utpå dagen kom Birgitte innom og helste på, ho jobba på sjukehuset der. Enda litt seinare kom to av kollegaene til mamma på besøk, dei hadde med flotte roser frå arbeidskollegane.
Pappa kom frå jobben og vi kosa oss med tvillingane resten av dagen.
Laurdag 21.juni
Vi hadde ein rolig dag med dei to små. I visittida kom grandtante Hildegunn, Mats og Cecilie på besøk. Dei hadde med flotte Ole Brum gensera til gutane. Etter ei lita stund kom farmor Jorun og onkel Hogne ein tur og.
Cecilie og Emil (bildet øverst) Grandtante Hildegunn og Emil
2 kommentarer:
Fint bilde av deg og twinsa. dokke e noken kjekkisa.
10.07. var vi på den nye kroa ved Sjølyst, Doffen, og åt nydelig middag. Fin terrasse med utsikt til båthamna!
Legg inn en kommentar